Aksis: Andre prosjekter

Prosjekt

KARK - System for debatt, publisering og kommentering av tekstar på WWW
1993 - 2003
Kva er Kark?
Kark er eit system som i hovudsak vart utvikla for å gjera det enkelt for studentar å publisera arbeida sine på Internett, for dermed å kunne diskutera og kommentera tekstane effektivt. Ein eldre versjon vart utvikla ved Historisk institutt allereie i 1993, og har sidan den tid vore i bruk i seminarverksemda til grunnfagsstudentane ved instituttet. Systemet viste seg snart også å vera til nytte for andre fag og målgrupper, og den nye 1998 versjonen, Kark, sin styrke er nettopp fleksibiliteten og brukarvenlegheita til systemet.

Kark er ikkje ein programvare som brukaren installerer. Kark må heller sjåast som ei teneste som Historisk institutt leverer. Kark består av fleire komponentar: Sentrale er KarkEssay, for tilrettelegging og kommentering av tekstar på www, og KarkDebatt, som er eit diskusjonsforum. KarkMelding høver godt som inngangsside, i det brukarane vert møtte med nye beskjedar når dei loggar seg på Kark.

Postadressen er:
Kark, Historisk Institutt, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Besøksadressa er Dokkeveien 2b, Bergen
Telefon: 55 582322 / 55 588939,
Fax: 55 588600,
E-post: kark@uib.no
Prosjektsider
Prosjektleder