![]() |
F1-kullet 2007/2008 Leik - inntrykk og uttrykk |
||||||||||||||||||||||||||
|
Leik i alle former er barnas uttrykksform. Barna treng inntrykk for
at dei skal kunne vera kreative i leiken og for å ha noko å
uttrykka. Inntrykka får barna gjennom
sansing på alle plan. Barns glede gjennom å sansa, leika og uttrykka seg med
kunstnarlege verkemiddel er viktig for deira utvikling av eit positivt
sjølvbilete.
OVERORDNA MÅL for perioden:
Studentane skal få betre
innsikt i omgrepa sansing, forteljing, meistring og sjølvbilete.
|
|||||||||||||||||||||||||||
| Uke 41: PRAKSISFØREBUING - ALLE FAG | |||||||||||||||||||||||||||
| Før praksisperioden skal kvar student i basisgruppa velja ut og øva inn 2-3 forteljingar. Forteljingane skal veljast ut slik at dei også skal stimulera til fabulerande og skapande aktivitetar innan drama, forming og musikk. | |||||||||||||||||||||||||||
| Uke 42, 43 og 44: Utprøving i praksis | |||||||||||||||||||||||||||
|
Planlegging og gjennomføring av tverrfaglege praksisoppgåver. |
|||||||||||||||||||||||||||
|
ü Kvar student skal skaffa seg eit oversyn over etablerte forteljestader eller andre ’kulturstader’ i barnehagane, og tenkja ut nye kulturstasjonar i eller omkring barnehagen. Dette skal gjerast i samråd med personalet i barnehagen. Dette oppdraget inngår i kartlegginga av dei didaktiske føresetnadene. Basisgruppene vel ut ein stad frå kvar barnehage for å teikne ei skisse til den virtuelle kulturstien.
ü Kvar student skal i sin praksisbarnehage etablera og prøva ut ei av dei innøvde forteljingane på ein forteljestasjon i Kulturstien.
ü Kvar student skal observera/sjå etter korleis dei ulike faga kjem til uttrykk i barnehagen. Nytt dei daglege praksisforteljingane.
ü
Kvar student skal i løpet av
praksisperioden prøva ut ein planlagd aktivitet i drama,
forming og musikk. Utprøvinga skal vera med ei lita eller større
barnegruppe, gjerne med dei minste barna på avdelinga.
I desse aktivitetane kan faga gå i kvarandre og studentane vert oppfordra til å sjå utprøvingane i eit slikt tverrfagleg perspektiv.
ü Kvar student skriv ei evaluering/ein rapport etter kvar utprøving. Denne skal leverast til øvingslærar og skal inngå i praksispermen.
|
|||||||||||||||||||||||||||
| Uke 45: Bearbeiding av erfaringar frå praksis i form av både eige gruppearbeid, presentasjon og refleksjonsnotat. | |||||||||||||||||||||||||||
|
Dei to delane av presentasjonen: Del 1: Basisgruppa syner gjennom variert presentasjon ein samanfatning av dei faglege oppgåvene. Del 2: Basisgruppa presenterer ei førebels skisse over korleis kulturstien kan utviklast vidare. Refleksjonsnotat |
|||||||||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||||||||
| Siste endring var gjort av MJ, 17.09.2007 | |||||||||||||||||||||||||||