Pause
Rektorbloggen tek pause ut veke 45.
2007-10-29
Då er oktobermøtet i boks. Høgskulestyret hadde i dag bl.a. rapport for 2. tertial og prinsipp for budsjett på bordet, i tillegg blei utgreininga om Akademi for scenekunst og deira plass i høgskulen lagt fram. Og – sist, men ikkje minst –behandla styret søknad om personleg opprykk til professor frå Vigdis Holen (IT). Dette betyr at høgskulen i dag fekk høgskulen ein ny professor: gratulerer, Vigdis!
2007-10-29
Veke 43 blei ei særs spesiell veke, sterkt prega av den sjenerøse bodskapen frå Fredrikstad kommune og Fredrikstad utvikling i form av ein garanti på 16 millionar kroner om høgskulen flyttar Avd. for ingeniørutdanning til Fredrikstad i 2009. Eg informerte høgskulestyret umiddelbart pr. mail på torsdag (samtidig med at eg sende ut informasjon til alle tilsette), og på styremøtet måndag 29. oktober skal styret få meir informasjon om saka. Det er til sjuande og sist Kunnskapsdepartementet som må ta stilling til dette, og vi kjem til å ta kontakt med KD for å få tatt dei avklaringane som er naudsynte.
Det er ikkje kvar dag nokon kjem til høgskulen med 16 millionar, så torsdagens andre møte – leiarmøte, eit felles møte mellom studieleiarar og dekanar, og styremøte i Samskipnaden – bleikna nok litt i samanlikning.
2007-10-27
25.- 26. oktober arrangerte Framandspråksenteret sin årlege ”storkonferanse”, som i år fann sted på Hotell Bristol i Oslo. Årets tema var ”Kunnskapsløftet i praksis”. Det var 140 påmeldte til konferansen, som var ein stor suksess med særs godt fornøgde språklærarar.
Eg hadde vore så heldig å bli invitert til å halde eit plenumsforedrag på fredag, og snakka om ”Barne- og ungdomslitteratur som utgangspunkt for kulturformidling”. I tillegg var eg ansvarleg for ein workshop for tysklærarar. Det gjer godt med litt fagleg aktivitet innimellom all ”rektoreringa”.
2007-10-27
Workshop’en om nordisk utdanningssamarbeid i København blei prega av statsrådskifte i Kunnskapsdepartementet, og det var stor sms- og telefonaktivitet blant dei norske deltakarane under møtet. Ikkje berre venta vi med spenning på namnet, men også for å få bekrefta eller avkrefta ryktet om ei todeling av departementet. Vi må kunne håpe at ein eigen statsråd for forsking og høgre utdanning vil innebere eit sterkare fokus på vår sektor. Og eg ser fram til å sjå og høyre Tora Aasland, kanskje allereie på UHR sitt representantskapsmøte i midten av november.
2007-10-20
Torsdag 18.10 blei det fatta eit viktig vedtak i Tromsø: universitetet og høgskulen vil slå seg saman. Vedtaket er historisk i Noreg, aldri tidlegare har ein høgskule og eit universitet gått saman. 1. desember sender dei ein søknad til KD om å få sette vedtaket ut i livet frå 1. januar 2009. Det blir spanande å følgje den vidare utviklinga – og fundere over kva dette kan innebere for andre institusjonar og for diskusjonen rundt Stjernø-utvalet sitt arbeid.
Her kan ein lese meir:
http://uit.no/fusjonsprosessen og http://www.hitos.no/nyheter/727.html
2007-10-20
18. og 19. oktober var eg med på ein workshop om nordisk samarbeid innafor høgre utdanning i København. Workshop’en blei organisert av Nordisk ministerråd, og eg deltok som medlem av HØGUT (Nordisk ministerråd sitt rådgjevande organ for høgre utdanning). Arrangementet samla deltakarar frå bl.a. Nordisk ministerråd, Nordforsk, NUS (Nordisk universitetssamarbeid), Nordic Center of Excellence og HØGUT.
På agendaen stod diskusjonar rundt t.d. vidareutviklinga av Nordic master, systemendringar innafor UH-området i dei nordiske land og korleis desse av og til kan hindre samarbeid, Nordforsk sin rolle, tilhøvet mellom nordisk, europeisk og internasjonalt samarbeid og også kva for incitament ein kan finne for å stimulere nordisk samarbeid.
Det kjem ein rapport i kjølvatnet av workshop’en, og denne skal danne grunnlaget for vidare arbeid.
2007-10-20
Over lengre tid har det vore faste doktorandseminar på Remmen. Primus motor er Geir Afdal, FoU-koordinator ved LU. Etter samlokaliseringa på Remmen har seminaret vore for doktorandar først frå alle tre Remmen-avdelingane og seinare også frå HS og IR. Oppmøtet har vore definitivt best frå LU og ØSS; interessa for å kome på seminar frå avdelingane i Fredrikstad og Sarpsborg har vore mindre.
I dag arrangerte Geir Afdal og sentral FoU-koordinator Kjell Ove Kjølaas eit møte med doktorandane for å høyre meir om ønske og tankar kring vidare utvikling av dette forumet. Eg var med på lasset, og vi hadde ein fruktbar diskusjon om korleis ein best kan organisere dette i framtida. Det er heilt klårt eit ønske om vidareføring av denne møteplassen, men det kan sjå ut som om det er for ambisiøst å lage ein felles møteplass for doktorandane ved alle avdelingane. Diskusjonen går vidare utover hausten, bl.a. i eit møte mellom dekanar, FoU-koordinatorar og underteikna.
2007-10-17
15. og 16. oktober gjekk årets UNISKA-konferanse av stabelen i Strömstad med Høgskulen i Østfold som arrangør. Hovudtemaet var den rolla som høgskular og universitet spelar som regional utviklingsaktørar. Inneleiarane kom frå medlemsinstitusjonane på båe sider av grensa.
Den etter kvart så tradisjonelle haustkonferansen samla over 70 deltakarar frå alle UNISKA-lærestadene. Med på laget var studentar, tilsette og institusjonsleiing. Og musikkstudentane frå Avd. for lærarutdanning stod for eit flott kunstnarleg innslag under konferansemiddagen. Stor takk både til dei og til alle som hjelpte til for at konferansen skulle bli vellukka, ikkje minst til Solveig Tordal, Kjell Ove Kjølaas og Hans Blom!
2007-10-16
I desse budsjett-tider er det godt å sjå at det kjem det pengar inn frå andre kjelder. LU har fått tilslag på 750 000 til eit forskingsprosjekt med tittelen ”Den digitale lærergjerningen”. Prosjektet skal gå i 2007 og 2008, prosjektleiar er Geir Afdal. Pengane kjem frå ITU (Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanning), meir info finn ein her: http://www.itu.no/. Gratulerer, LU!
2007-10-12
15. og 16. oktober arrangerer høgskulen årets UNISKA-konferanse med over 70 påmelde. Konferansen finn stad i Strömstad. Tema er særs aktuelt: høgskulens rolle som regional utviklingsaktør. Blant innleiarane finn vi statssekretær Per Botolf Maurseth frå KD, men også innleiarar frå Karlstads universitet, Högskolan Dalarne og frå Hedmark fylkeskommune. Musikkstudentane frå LU, med Per Anders Hegre som dirigent, står for ein minikonsert under konferansen. Meir om konferansen finn ein her: http://www.hiof.no/index.php?ID=13252
Etter nokre interne møte tysdag ettermiddag og onsdag 17. oktober går ferda til København. For 18. og 19. oktober skal eg på mitt fyrste HØGUT-arrangement (rådgjevande organ for Nordisk ministerråd for samarbeid om høgre utdanning i Norden). Hovudtema er „Korleis skal ein oppnå ein større effekt for nordiske kunnskapsmiljø i ei global verd?“ Systemendringar i høgskule- og universitetssektoren, Bologna-prosessen, vidare utvikling av Nordic Master er nokre overskrifter frå programmet. Frå Noreg kjem stortingsrepresentant Rolf Reikvam, avdelingsdirektør Rolf Larsen frå KD, deltakarar frå Forskingsrådet og frå sekretariatet i UHR. Eg representerer styret i UHR.
2007-10-11
Måndag 8.10 var det nytt styremøte i UHR. På dagsorden stod bl.a. diskusjon rundt statsbudsjettet. Vi hadde også eit tre timar langt møte med KUF-komiteen for gjensidig informasjons- og meiningsutveksling (naturleg nok var statsbudsjettet også eit tema her) og eit kortare med leiaren for KiF (Kvinner i forsking). Dei som vil vite meir om kva for saker som er oppe i UHR sitt styre, kan sjå her:
http://www.uhr.no/om_uhr/styret/
2007-10-08
Om veke 40 var heller stille på møtefronten, så tar eg det igjen i veke 41. Måndag 8.10 skal eg på styremøte i UHR; ein del av dette er sett av til eit møte mellom UHR-styret og Stortinget komité for kyrkje-, utdanning og forsking. Tysdag 9.10 skal prorektor og eg på ”signingsferd” til LU og Fellestenesta, onsdag står IR for tur, og fredag avsluttar vi ”signingsferda” på ØSS. Då gjenstår berre Akademiet, og det blir seinare i oktober. Onsdag kveld er det igjen tid for møte i Studentparlamentet. Torsdag 11.10 står leiarmøte på programmet, og fredag 12.10 har vi del to av ”opplæringa” av det nye styret. Den dagen skal vi bl.a. ta føre oss statsbudsjett, målstruktur og høgskulens plansystem.
2007-10-07
Vi var førebudd på kutt i neste års budsjett bl.a. pga. låg studiepoengsproduksjon i 2006. Omfordeling innafor den resultatbaserte publiseringskomponenten slår også negativt ut. Vi kunne ikkje vise til EU-middel, og det får økonomiske konsekvensar. Med omsyn til publisering har vi rett nok blitt betre, men nokre av dei andre institusjonane har blitt enno betre. Og når dette er eit nasjonalt nullsumsspel, så kan det få slike utslag.
Det positive i statsbudsjettet for vår del: Høgskulen har fått to nye stipendiatstillingar. Og vi har ikkje fått nokon reduksjon i antal studieplassar utover det som var forventa på sjukepleie.
Dei interne prognosane for budsjettet viste seg å vere korrekte, og ikkje minst i tider med dårleg budsjett er dette ei særs viktig øving. Leiargruppa har vore orientert om prognosane i lengre tid, og på leiarmøtet neste veke forsett arbeidet.
2007-10-05
Powered by LifeType