Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Datadefinisjonsdatabase

Bokmål

I samband med etablering av løysingar for elektronisk innrapportering er det eit behov for å identifisere dei dataelementa som utvekslinga omfattar. Oppgåveregisteret har laga ein database over datadefinisjonar der kvart felt i eit skjema er identifisert (metadata). Fleire større etatar har i samband med arbeidet med elektronisk innrapportering sett at Oppgåveregisteret kan gi viktige bidrag i denne samanhengen. Dette gjeld Skattedirektoratet, Statistisk Sentralbyrå, Rikstrygdeverket og Brønnøysundregistra. Skattedirektoratet er den etaten som i dag har kome lengst med å ta i bruk Oppgåveregisteret på denne måten. Oppgåveregisteret manglar enno ein del sentrale metadata. Derfor starta eit metadataprosjekt i oktober 2001 for å utvide innhaldet i Oppgåveregisteret slik at registeret skal kunne fungere som ei fullgod kjelde for metadata.

Prosjektet skal etter planen vere ferdig i midten av september 2002.


Prosjektleiar/kontaktperson:

Namn: Roger Stenbakk Olsen
Adresse: Brønnøysundregistra, 8910 Brønnøysund
e-post: roger.olsen@brreg.no
Telefon: 75 00 78 34
Faks: 75 00 75 05

Les meir

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673