 |
EBR (European Business Register) er eit europeisk nettverk for utveksling av føretaksopplysningar. EBR gjer offisiell informasjon om europeiske selskap tilgjengeleg online over heile Europa, på tvers av barrierar som kan oppstå som følgje av forskjellar i språk, teknologi og lovgiving o.l.
Gjennom EBR får du tilgang til 15 europeiske land: Belgia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Tyskland, Hellas, Irland, Italia, Jersey, Latvia, Norge, Spania, Sverige og Austterrike.
Nederland, Ukraina, Serbia og Storbritannia er medlemsland som vil kome med opplysningar via nettverket i løpet av 2008. To nye medlemsland er nyleg tekne opp i EBR: Makedonia og Slovenia.
Frå enkelte land er det no også mogeleg å få tilgang til årsrekneskap.
Tenesta er gebyrfesta. Kvart av dei deltakande landa fastset sjølv gebyra for produkta sine.
Til EBR
|
 |