Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Elektronisk registrering av nye einingar

Bokmål

Gjennom tenesta for elektronisk registrering kan du registrere nye einingar i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Du kan også registrere i Meirverdiavgiftsmanntalet og NAV Aa-registeret. 

Førebels kan tenesta brukast berre for dei vanlegaste organisasjonsformane, det vil seie:

  • Aksjeselskap
  • Allmennaksjeselskap
  • Ansvarleg selskap med ubegrensa ansvar
  • Ansvarleg selskap med delt ansvar
  • Enkeltpersonføretak
  • Foreiningar/lag/innretningar
  • Konkursbu
  • Partrederi
Digital signatur

Løysinga er basert på signering av meldingar i Altinn. Det betyr at dei som skal skrive under på meldinga, må signere digitalt før meldinga kan sendast til Brønnøysundregistra. Krav om digital signatur gjeld også erklæringar som ligg ved meldinga.

Det blir kravt at dei som skal signere, gjer det personleg. Personleg signering av Samordna registermelding i Altinn kan ikkje delegerast. For eksempel kan ikkje ein rekneskapsførar signere på vegner av innehavar i eit enkeltpersonføretak sjølv om rekneskapsføraren har fått delegert roller i Altinn.

Kven som skal signere registermeldinga, går fram av meldinga og kan variere frå organisasjonsform til organisasjonsform. Kvar signerar får automatisk oppretta ei signeringsoppgåve på hovudsida si i Altinn. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert. Meir om signering.

Berre elektronisk

Denne løysinga kan berre brukast med digital signatur. Det betyr at alle vedlegg som skal følgje meldinga, må kunne lastast opp elektronisk og alle som skal signere meldinga må kunne gjere det i Altinn. Du kan ikkje ta utskrift av meldinga og sende ho inn på papir. Skal du sende melding på papir, må du bruke blanketten som er laga til det.

Fordelar ved elektronisk registrering
Om tenesta
Begrensningar
Rettleiing - slik bruker du elektronisk Samordna registermelding
Ofte stilte spørsmål
Begynn registrering

For registrering av einingar med andre organisasjonsformer må du nytte blankett.

Tilbakemeldingar på den elektroniske blanketten kan du gje på elreg@brreg.no

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673