Skitur i Førde 3-5 mars

Kommande helg satser vi på å utforske fjella i Førde-området, som ligg noken timars køyring nord for Bergen. Snøforholda har i området vore arierande i år, men i skrivande stund er det nett kome nysnø. Vi satsar på at det blir mulig å bestige Storehesten.

Storehesten (Kvamshesten) 1209 moh er rekna som eit av Sunnfjords flottaste fjell (http://www.sunnfjord.no/kvamshesten.htm). Vi startar på 80 moh og turen tar ca. 4 timar opp. Herifrå kan man vidare gå inn til Blegja 1304 moh (http://impact.ii.uib.no/arnt/Peaks/blaegja.html). Kart ygstad 1217 IV.

Alternativt, dersom det ikkje skulle vere tilstrekkelig med snø, satsar vi på å ta turen til Gaularfjellet. Gaularfjellet har mange fjelltoppar å by
på, mellom anna Geitebotsfjellet 1354 moh og Johannesberget.

Uansett turvalg, satsar vi på å overnatte ute i telt frå lørdag til søndag. Deltakarane må derfor ha erfaring med overnatting ute på vinterstid, i tillegg til å kunne ferdast i vinterfjellet.

Utstyr: Snøspade, søkestang, kompass, feller, hodelykt, varme kle, sovepose og liggeunderlag. Turen til storehesten krever også stegjern. En del utstyr kan også lånes hos BSI friluft, sjå nettside.

Transport: Det går buss til Førde frå Busstasjonen kl.16:30 fredag 3.mars. Ankomst Førde kl.20:10. Buss tilbake igjen frå Førde går søndag kl.18:15 og er framme i Bergen kl.21:15. Bussen kostar ca. 220kr for student, DNT-medlem ca. 200kr.

I og med begge turleiarar holder til i Førde for tida, blir det ikkje ordinært ferdaråd. Vi avtaler 0vernatting og slikt nærmare per mail/tlf. Husk derfor å oppgi tlfnr ved påmelding!

Gi beskjed om det er noken som stiller med egen bil og/eller har eige stormkjøkken.

Påmelding: Send mail til Hanne Mette, hannem_sande@hotmail.com innan onsdag 1.mars.
Maks deltagere 10 stk

Mvh turleiarane, Hanne Mette Sande og Tonje Bjørset.

Leave a Reply