Brekurs 26.06-02.07
Friluftsgruppa tilbyr i samarbeid med kursarrangøren Breoppleving DA grunnkurs i brevandring til sine medlemmer. Kurset vert halde på Bødalssetra i Stryn med Bødalsbreen og Briksdalsbreen som kursbrear. Eit brekurs har som mål å lære deltakarane alt som skal til for å kunne ferdast trygt på bre. Kurset er lagt opp praktisk slik at mesteparten vert lært ute på breen. Alle skal få prøve ut dei ulike teknikkane og metodane slik at ein vert trygge på dei før ein sjølv skal ut på tur. Kurset til tilfredsstiller Nasjonal
Standard og er godkjent i Norsk Fjellsportform som er høgaste godkjenningsinstans for kursarrangører innan fjellsport. Prisen er 2500 kroner.
Påmelding skjer på mail til Jan Helge Aalbu: jan.aalbu@student.uib.no (turansvarlig). Informasjonen eg treng er: Navn, Adresse, telefonnr. og transportmåte. Veit du ikkje dette enda så kan det avtalast seinare.
Informasjon frå kursarrangør:
Velkomen til brekurs på Bødalsseter !
Her kjem den informasjonen du treng før kurset tek til. Dersom det likevel er spørsmål så er det berre å ta kontakt. På dagtid er vi ofte på breen, så viss du ringer då så må du legge igjen melding på svararen. Kontaktpersonane i OSI Fjell, BSI Friluft eller NTNUI Ski og fjellsport kan sikkert også hjelpe med praktiske spørsmål.
Oppmøte er måndag klokka 1900. Kontaktpersonane i OSI/BSI/NTNUI samlar saman informasjon om når den enkelte kjem. Informer dei slik at vi får oversikta. Vi organiserer henting frå Loen dersom det er nødvendig.
Overnatting skjer i telt på teltplassen like ved Bødalssetra. Det er vatn i ei kran på området og tilgang til toalett og tørkerom. I tillegg har vi enten ein lavvo eller eit rom der vi kan søke ly om kveldane vert kalde. Du må sjølv ha med telt, sovepose og kokeutstyr. Har du ikkje det så vil kontaktpersonen hjelpe til med å finne plass i eit ledig telt.
Menyen for veka pleier vi å avtale i forkant. Grunnen er at vi då kan lage mat i lag og ikkje sitte kvar for oss. Menyen er likevel berre anbefalt, dersom du vil ete noko anna så er det rom for det. Du tar med den mengda du sjølv et til kvar dag.
Måndag: Vi set ikkje av tid til middag sidan vi møtast først kl 1900.
Tysdag: Kylling med ris og kyllingsaus
Onsdag: Gryterett med kjøttdeig. Steik kjøttdeigen før du reiser så held den seg betre. Ris som tilbehør.
Torsdag: Karbonader i brun saus med potetmos
Fredag: Pølser, kjøtkaker eller fiskekaker med potetmos. Ta gjerne med brun saus ved sidan av.
Laurdag: Grilling på tunet. Vi tar med grillkol. Du tar med grillmat.
Brødmat og pålegg tek du med etter eige ønskje, så kan vi heller dele litt på det. Dermed vert utvalet større. Det vil være vanskeleg å oppbevare mat over lengre tid på setra. Det vert derfor høve til å handle inn forsyningar torsdag kveld.
Av personleg utstyr må du minst ha med deg følgjande til kursveka:
Vindtett jakke og bukse
Regnklede
Solide fjellsko og gamasjar
Ullundertøy
Varm genser e.l.
Lue og vottar (tips: gummihanskar slik som et par store, slitesterke oppvaskhanskar med strikkevantar inni)
Solbriller og solkrem med høg faktor
Dagstursekk, anbefalast minst 40 l.
Kart (1418 IV Lodalskåpa), kartmappe og kompass
Sovepose og liggeunderlag
Breis er om sommaren både våt og skitten. Det er derfor lurt å bruke vasstette kle, slik som gore-tex. Men breskit kan være vanskeleg å fjerne frå kleda. Tenk deg derfor om før du tar med den nyaste og finaste gore-tex dressen.
Fullt breutstyr kan leigast frå Breoppleving for kr 400,- (hjelm, isøks, kombisele, stegjern, isskrue, 2 skrukarabiner, 2 vanlige karabiner, innbindingstau, fotslynge og kortslynge). Det er muleg du kan låne av OSI/BSI/NTNUI i staden. Spør kontaktpersonen dersom du ikkje har utstyr.
Breboka vert delt ut til alle deltakarane ved ankomst på kurset.
Betalinga av kurset må skje snarast råd og innan fristen. Vil du ha lenger frist for betalinga så ta kontakt før betalingsfristen går ut så blir vi enige om det. Viss vi ikkje høyrer noko anna så kjem det ei purring ved manglande betaling.
Vær venleg å oppgje fakturanummeret ved betaling så vert det enklare for oss å registrere betalinga.
Viss du likevel ikkje vil være med så vil du få tilbake alt du har betalt berre du seier frå minst 14 dagar før kurset. Avmelding seinare vil føre til at vi beheld kr 600,- med mindre du har legeerklæring.
Kurset vil også kunne bruke andre brear i området enn Bødalsbreen. Dette avgjerast av kursleiaren ut frå snø/isforhold og veret. Transporten til andre brear vert ikkje dekka av kursavgifta. Ta derfor med litt pengar for å spleise på bensin og bompengar.
Innhaldet på kurset har vore det same i mange år, men rekkefølgja vil variere noko mellom dei ulike kursa avhengig av vær og snøforhold. Dette avgjerast av kursleiar undervegs i kurset. Under er ei førebels oversikt over dagane :
Måndag : Vi møtast kl 1900. Etter presentasjon av kursopplegget og instruktørane, tek undervisninga til. Vi tilpassar utstyr, lærer bruksområdet og øver på knutar.
Tysdag : Vi reiser truleg til Briksdalsbreen denne dagen. Heile dagen vil vi halde på i blåisen. Vi skal øve gangteknikkar med og utan tau, innknyting og vegval. Allereie denne dagen får deltakarane sjølv leie taulaget. Om kvelden vert det teori om redningsteknikkar i blåis.
Onsdag : Første del av dagen går med til redning i blåis. Alle skal delta på dei viktigaste plassane i taulaget. Etter matpausa vert det vandring i lett og vanskeleg is der vi øver på plassering av sikringar og vegval. Om kvelden blir det teori om redning på snø, sikringsteknikk og vegval i vanskeleg is og snø.
Torsdag : Denne dagen vert det redning på snø fram til lunsj. Etterpå kjem vi til å gå i vanskeleg is og snø. Om kvelden tek vi for oss teori om orientering på bre, snøbakketeknikk og alpine farer.
Fredag : Dette er turdagen med Lodalskåpa som målet. På vegen kjem vi til å trene på orientering på bre og snøbakketeknikk.
Laurdag : Denne dagen tilpasser vi stort sett til den enkelte sine ønskjer. Vi går i vanskelig is, klatrar og rapellerer på topptau. Vanskegraden vert tilpassa ved at vi deler inn taulaga på nytt. Om kvelden vert det avslutning med evaluering. Sosialt samvær så lenge folk orkar.
Søndag : Vi pakker saman og reiser kvar til vårt utover formiddagen.
Vi legg vekt på at kurset skal være praktisk. Derfor blir det mest praktiske øvingar. Teorien om kveldane vert avgrensa, og mykje vert teke ute i terrenget. Til dømes vil eit emne som brelære være naturleg å ta når ein er på breen. Om kveldane vert det god tid til sosialt samvær.
Elles legg vi vekt på at alle skal få lov til å tøye sine egne grenser i eige tempo, uavhengig av kva nivå ein er på før kurset startar. Kurset krev ingen forkunnskap på bre eller fjell.
Vell møtt til eit hyggeleg og spennande brekurs!
Brekurs - Fjellsportkurs - Klatrekurs - Firmaturar
Adresse : Postboks 246, 6821 Sandane
Telefon: 57 87 05 00
E-post: post@bre.no
Heimeside: www.bre.no