Sportsklatring Mojavato 29. April

No er våren her og det er på tide å sjå kva vinterens hardtrening (eller mangel på slikt) har ført til. Vi tar derfor turen til Fusa for å teste klatreformen.

Mojavato, som klatrefeltet heiter, består av ei 30-meter høg klippe, opp til seks meter overhengande, smykka med 40 ruter. De lettaste rutene begynner på 7- . Det er berre sportsruter på feltet. Føraren hevder at feltet er det desidert beste i Bergensområde.

Mojavato er lokalisert i Fusa, ca 90 minuttar med kjøring frå Bergen. Vi er derfor avhengige av at folk stiller med biler for å få gjennomført denne turen.
Eg foreslår at vi reiser frå Pastasentralen klokka 08:00 Laurdag. Folket må derfor møte der litt før dette tidspunktet. Vi reiser tilbake til Bergen om kvelden.

Når det gjelder været så kan det godt regne i Bergen og være opphald i Fusa. Litt fuktighet og smågrå skyer er derfor ingen unnskyldning for å bli i senga. Eit overheng i toppen beskyttar dessutan store deler av feltet mot regn. Men om det laurdags morgon skulle regne som om sjølvaste syndefloden var på veg, så avlyser vi.

Betaling for transport ordnast av sjåførar og passasjerar seg i mellom.
Påmelding til bjarte.ross.idso@stud.hib.no . Sei ifrå om du kan stille med bil og kor mange du har plass til. Om du har problem med å skaffe deg ein klatrepartner kan du sei i frå om dette i mailen, så kan eg prøve å finne ein match (send bilde).
Førar finner du på Bergen Klatreklubb sine heimesider (www.bergen-klatreklubb.no)

Jøran Nedrelo

Hi
At the 29th of April we head for Mojavato for some hardcore sports-climbing. Mojavato is located in Fusa. Approximately 90 minutes from Bergen by car. We depart from Pastasentralen at 08:00 Saturday.

You sign up for this trip by sending me a mail at bjarte.ross.idso@stud.hib.no
If you have a car, and are able to drive, please say so in your mail.

You can find a climbing-guide for the area at www.bergen-klatreklubb.no

If you have any questions you can mail me at the address stated above.

-Bjarte R. Idsø

Leave a Reply