Basecamp Rosendal/Uskedalen 02.06 – 05.06

Fredag den 02.06 tar me turen til Rosendal. Innerst i Uskedalen etablerer me ein basecamp. I områda finner me her blant anna Rosendalsalpene. Det er det gode muligheiter for tinderangling, brevandring, fotturer og ikkje minst klatring.

Det blir ikkje bli nokon organisert turopplegg på denne turen. Om det er ein spesiell tur du har lyst til å gå, men manglar partner, kan du jo bruke diskusjonsforumet vårt.

Når det gjelder klatring så er Uskedalen ei perle. I denne dalen finn me fire opp til 600-meter høge veggar som byr på fast og fin svaklatring. Alle rutene krevjar at man setter sine eigne sikringar. Gradmessig begynner rutene på ca 4. Det vil med andre ord bety at klatring på denne turen passar best for folk som er fortrulig med klatring på eigne sikringar og over fleire taulengdar. Førar finn du på Bergen Klatreklubb sine heimesider.

Vi reiser som før nemnt ned på fredag. Vi reiser frå Pastasentralen klokka 16:00 om ingen har nokon innvendingar mot dette. Vi satsar på å reise med private bilar. Det er derfor viktig at folk som kan stille med bil, seier i frå om dette. Overnatting vil gå føre seg i telt. Det vil ikkje bli arrangert nokon felles måltid på denne turen, men det kan hende me tar med ein grill slik at dei som vil kan få steike pølsene sine om kvelden.

For å melde deg på turen må du sende mail til bjarte.ross.idso@stud.hib.no. Skriv også om du kan stille med bil og kor mange du har plass til. Me droppar ferdaråd. Men det er fint om folk gidder å sjekke mailen sin på fredag formiddag om det skulle være noen ”i siste liten” forandring eller tilleggsinformasjon.

Avreise: Fredag 02.06 klokka 16:00

Reisetid: ca 2 timar

Pris: Transportutgifter til og frå (Dette ordnast av sjåførar og passasjerar seg i mellom)

Tilbake: Søndag kveld

Påmelding: send mail til bjarte.ross.idso@stud.hib.no innan onsdag

NB: Turen er væravhengig.

Mvh Bjarte Idsø

Leave a Reply