Fjellfilmfestivalen, 8.-10. September

Neste helg, 8.-10. September er det tid for Fjellfilmfestivalen på turtagrø. Det blir fleire aktuelle foredrag, med blant anna Cecilie Skog og Tormod Granheim samt ein rekke filmar. Laurdag blir det tur, forhåpentligvis i strålande vær med friske haustfargar i fjellet. Det blir i utganspunktet ikkje noko felles opplegg men DNT Fjellspor arrangerer mange flotte turar som det er mulig å bli med på. Blant anna Dyrhaugsryggen, Fannaråken og Storebjørn.

For å melde seg på turane til DNT Fjellsport sjå fjellfilm.noBlir det stor pågang på desse turane eller er interressen stor for å ha ein eigen tur kan me snakke om det på ferdaråd/fredags kveld.

Overnatting vil føregå i telt eller lavo som me tar med oss oppover. Fordeling av telt/primuser og om me skal ha noko felles mat tar me på eit lite ferdaråd på torsdag 7. Sept. kl 18:00, ved inngangspartiet i Realfagsbygget. Kan du ikkje komme på ferdarådet så gi beskjed på førehand.

Bergen Turlag setter opp busser fra Bergen Bystasjon til turtagrø, desse koster 200 kr t/r. Avreise er kl 16.00 fredag, og tilbake fra turtagrø går bussene kl 14:00 søndag. Påmelding til bussene skjer til Bergen Turlag: 55335810

Etter du har meldt deg på bussen eller skaffa anna transport sender du ein påmelding på mail til meg: jan.aalbu@student.uib.no, eller ringer på 45033684.

For å delta på Foredrag/Filmer/turer kreves det eit festivalpass, dette kan kjøpast på Platou Sport her i Bergen, eller på eksponert.no og koster kr 500. Det er begrensa antall festivalpass. Festivalpasset inkluderer og ei t-skjorte og gratis camping rundt hotellet.
Sjå ellers fjellfilm.no for utfyllande info og program.

Er det ellers noko du lurer på så ikkje nøl med å ta kontakt!

mvh
Jan Helge Aalbu
——————————————————

English:

Mountainfilm festival at Turtagrø

Most of the happenings will be in Norwegian (movies, speeches etc.), so I do not know how interesting this will be for those of you that do not speak Norwegian. But there will be a trip on Saturday, so if you would be interested or have any questions, don’t hesitate to send me a mail.

Jan Helge Aalbu, jan.aalbu@student.uib.no

2 Responses to “Fjellfilmfestivalen, 8.-10. September”

  1. Administrator Says:

    Ser ut til å bli kjempevær!
    http://met.no/sogn_og_fjordane/sognefjell.html?steder

  2. Anonymous Says:

    eller ikkje..

Leave a Reply