Turreferat 7-Fjellstur
Lørdag 26 august møtte omtrent 50 spreke turgåarar opp til turen over dei 7-fjell. Veret var som på ein god sommardag med varme og sol store delar av dagen.
Turledarane delte seg i to slik at ein gjekk fremst og den andre bakerst. Etter omtrent ein times gange var alle oppe på første fjellet, og gruppa var framleis ganske samla. Spredninga blei naturlegvis litt større, og nokre synast det var ein lang nok tur etter 2-3 fjell. Ved ulriksbana fekk vi servert nydeleg sjokoladekake, kjeks og iskald drikke av to hjelpsame friluftsfolk. Dette trur eg hjelpte på for dei fleste når vi no skulle begynne på den harde stigninga opp mot Ulriken. Etter Ulriken var vi ferdig med dei verste stigningane, og eg trur resten av turen gjekk greitt for dei fleste
På vei ned frå det siste fjellet var det nokon av oss som tok eit herleg bad i eit fjellvatn før vi fortsette ned dei siste bakkane. Første pulje var nede ved fløybana ca 19.30, medan den siste gruppa var omtrent 1 time bak. Eg reknar med at rundt 30 stk fullførte heile turen.
Alle kjende det godt i beina etter den lange turen, og dei fleste gjekk heim for å kvile seg resten av kvelden. Vi var imidlertid ein gjeng på omtrent 10 stk som møttes i byen om kvelden og tok ein velfortent øl og litt nattmat hos kebabmannen ved Fløyen. I alt ein vellykka tur!
Turleder Hanne Mette Sande