STØLSHEIMEN 6-8 OKT
Til helga går turen til Stølsheimen.
Dette er området nord for Vossafjella og sør for Sognefjorden. Området byr på
variert terreng og har fått navnet sitt etter alle dei gamle stølane.
Stølsheimen er ekstra fin om hausten med sine fantastiske haustfargar.
Om ettermiddagen på fredag, kl16.30, tek vi bussen til Steinsland. Her er det
ca 1.5-2 timars lett gange til første overnattingsplass. Der overnattar vi
under ein stor hellar, som er ein stor stein som lager eit naturleg tak med
plass til ca 12 stk. Kvifor den har fått namnet “tjuvhellaren” får vi kanskje
svar på fredagskvelden. Når vi har komen fram til hellaren tenner vi bål og
lagar felles middag. Vi overnatter med andre ord under open himmel, så liggeunderlag og ein god sovepose er å anbefale.
Lørdagsmorgon pakkar vi sekkane igjen og nyter fantastisk natur fram til
Nordalshytta.
Denne etappen er også relativt lettgått og tek ca 5 timar. Nordalshytta er ei
veldig koseleg DNT-hytte som ligg 1005 moh. og har sengeplassar til 26 stk.
Hytta ligg idyllisk plassert mellom mange fine fjellvatn, så har du
fiskestang kan du ta med den. Om kvelden kosar vi og i hytta og lagar ein
god fellesmiddag.
Etter søndagsfrokosten er fortært legg vi i veg vidare nordover og
nedover til Sognefjorden. Etter ein ca 5-6 timar endar vi opp i Ortnevik ein
fin lita bygd i Sognefjorden. Herifrå tek vi hurtigbåten tilbake til Bergen.
Vi er vel heime i Bergen ca 20.40 etter ein fantastisk rundtur i den vakre
vestlandsnaturen.
Korleis melder eg meg på turen:
Du sender mail til Marie på km-hagen@online.no, førstemann til mølla.
Torsdag kl 18.00 blir det ferdaråd på realfagsbygget (allègaten 41)
På Ferdarådet blir det meir detaljert avreiseinfo, fordeling av fellesutstyr osv.
Maks antall på turen: 12 glade turdeltagere
Kva må ein ha med på turen:
Vanleg høgfjellsbekledning; Gode fjellsko, sovepose, liggeunderlag, gode klede og ekstra klebytte, vindtett/vasstett jakke og bukse. Vi lagar felles middag fredag og
laurdag, ta med eigen mat utover dette. Er du i tvil om kva du skal ha med deg spør på ferdarådet.
Turleiarar på turen er: Marie Hagen og Aina Børve, er det noko de lurar
på ring Marie på 92085161
Helsing Aina og Marie
>>
>> ***********
>>
>> In English
>>
>> Join us on a beautiful and eventful trip through Stølsheimen, from south to
>> north. The trip starts at Steinsland, and we spend the first night under a
>> huge rock called Tjuvhelleren. We continue to Norddalshytten (cabin) and on
>> Sunday
>> we reach Sognefjorden where we get on a passenger boat back to Bergen.
>>
>> Departure: We leave from Bergen by buss fridayevning at 16.30 (bergen-
>> trondheimekspressen) and return to Bergen by Boat from Stølsheimen sunday (in
>> Bergen 20.40)
>>
>> Equipment: mountain shoes, sleepingbag, sleepingmat, warm clothing
>> waterproof clothing, bread and such for the whole weekend. Dinner friday and
>> saturday evening will be bought by the trip organizer.
>>
>> To sign up: send Marie a mail at km-hagen@online.no, the trip meeting
>> (ferdaråd) will be held at realfagsbygger (allègaten 41) thursday at 18.00
>>
>> Maximum number of participants: 12
>>
>> Trip organizers: Aina Børve and Marie Hagen, if you have any questions
>> call Marie at 92085161
>>
>>
>> Marie and Aina