Kvamskogen til Fyksesundet 31.august til 2.oktober

Har du lurt på kva plantene og dyra langs stien heiter? Dette har du sjansen til å lære meir om denne helga. Vi skal gå frå fjell til fjord og undervegs legg vi inn stopp der vi kikar på det vi finn.

Vi tek bussen (ein time) til Eikedalen fredag ettermiddag og ruslar eit stykke før vi set opp telt for kvelden. Laurdagen går vi i fjellterreng og ser det som typisk lever der. Går ein tolv-femten kilometer med innlagde stopp. Sundag går vi til Hamlagrøvatnet og etterkvart ned ein dal til det trange Fyksesundet. Her får vi sett bjørkeskog og sidan frodig edellauvskog. Endar turen i Botnen og herifrå er det båt ut fjorden til Steinstø, der vi tek bussen tilbake til Bergen (tilbake klokka åtte om kvelden).Transport: Buss til Eikedalen, avtalar tid på Ferdaråd, 1630 eller 1730 mest aktuelt. Båt frå Botnen 1630 sundag. Buss frå Steinstø ca. 1800.
Pris: Buss t/r: 200 kr +-. Båt: 100 kr. Felles middag fredag og laurdag: 50-100 kr.

Mat: Ta med brødmat (frukost og lunsj) og snop. Turleiarane ordnar felles middag.

Utstyr: Gode sko, vasstette klede, sovepose, liggjeunderlag, tallerken og bestikk, generelt turutstyr.

Deltakarkrav: Grei turform og litt interesse for dyr og plantar (eller iallfall ein av delene).

Kart: Kvamskogen og Bergsdalen (turkart, 1:50000)

Påmelding (og spørsmål) til hla048@student.uib.no.

Ferdaråd på Realfagsbygget torsdag, 1800. Sei ifrå om du ikkje kan møte der.

Turleiarar: Andreas K. Anderson og Håvard Laukeland

English:
We will walk from Kvamskogen to Fyksesundet (mountains to a narrow fjord). We’ll sleep in tents. Along the track we will look at plants and animals we find.  Transport: Bus to Eikedalen Friday afternoon. Boat from Botnen 16.30 to Steinstø and bus back to Bergen (back 20.00).
  Price: Bus about 200 kr. Boat 100 kr. Dinner Friday and Saturday: 50-100 kr.
   Food: Bring your own breakfast and lunch. Trip leaders bring dinner.
  Equipment: Good shoes, waterproof clothes, sleeping bag, mat, plate etc.
    Ok shape and some interest in plants and/or animals required.
  Map: Kvamskogen og Bergsdalen (turkart, 1:50000).
  Sign up and questions: e-mail to hla048@student.uib.no.
  Compulsory meeting (Ferdaråd) at Realfagsbygget Thursday, 18.00. Please tell if you can’t meet there.
  Trip leaders: Håvard Laukeland and Andreas K. Anderson
    

One Response to “Kvamskogen til Fyksesundet 31.august til 2.oktober”

  1. Vidar Says:

    hehe, tenkte at dette var artig. Men 31 august til 2 oktober lurte meg godt. Anntar at det var til 2 september :(

Leave a Reply