Fresvik til Bakka 19. - 21.oktober

Denne helga har vi ein flott tur i Sogn. Området vi går i er del av den norske verdsarven. Vi startar med å gå opp Tundalen, eit stykke opp frå Fresvik ved Sognefjorden. Kjem raskt over skogen og fylgjer dalen til endes og går bratt opp til vi er heilt oppe under Fresvikbreen (men vi skal ikkje gå på bre…). Høgste punktet på turen, 1511 moh, når vi her. Sidan er det eit stykke utan merka/oppgått sti, langs Handadalseggi. Her er vi ganske høgt over dalane på begge sider. Litt bratt ned frå ryggen og ikkje sti, men det skal gå greitt. Ny sti kjem vi inn på på vegen ned til øvre delen av Dyrdalen, der vi slær leir laurdagskvelden.

Sundag startar vi tidleg. Utpå føremiddagen kjem vi opp på Breiskrednosi, 1189 meter stup over Nærøyfjorden. Her er det panoramautsikt over den kanskje villaste av alle fjordane våre. Om vèret er med oss, vert dette eit høgdepunkt! Vidare trakkar vi bort over Rimstigfjellet før nedstiginga til fjorden. Vi går via Rimstigen. Her er det temmeleg bratt… Kjem ned til Bakka, der fjorden er på det smalaste. Siste biten går vi på veg langs fjorden. Tek bussen tilbake til Bergen frå Gudvangen.

Overnatting i telt, som vi i hovudsak lånar frå lageret til gruppa.

Transport: Hurtigbåt frå Bergen (16:30) til Vik (framme 20:05), fredag, 19.oktober. Drosje/minibuss frå Vik til startpunkt/leirplass fredagskvelden. Buss frå Gudvangen (truleg 18:00) til Bergen (framme 20:40) sundag kveld.

Pris: Hurtigbåt: 205 kr med studentrabatt (410 utan). Drosje: ca. 150 kr (skal få pris til ferdaråd…). Buss: ca. 130 kr med studentrabatt (ca. 260 utan). Felles middag fredag og laurdag: ca. 50 kr. Totalt: ca 550 kr (om ein har studentkort).

Mat: Ta med frukost, lunsj og snop. Turleiar ordnar felles middag fredag og laurdag.

Utstyr: Fjellsko, vasstette og varme klede (ta med bra med ull), dunjakke (om du har), varm sovepose, liggjeunderlag, tallerken og bestikk, hovudlykt, generelt turutstyr (det er vinter i fjellet; vi kan fort få både snø og kulde, utstyr deg deretter…).

Deltakarkrav: Vi får om lag 2000 høgdemeter opp og eit par hundre ekstra ned. Sekken vil truleg vere mellom 15 og 20 kilo. God turform krevst. Ein bør òg vere trygg i ulendt og noko bratt terreng, men det skal ikkje verte nemneverdig med klyving.
Kart: Nærøyfjorden (turkart, 1:50000)

Påmelding (og spørsmål) til hla048@student.uib.no. Ca. 15 deltakarar.
Ferdaråd på Realfagsbygget torsdag, 1800. Sei ifrå om du ikkje kan møte der. Vil ikkje ha avmeldingar fredag!
Turleiar: Håvard Laukeland

English:

We will walk from Fresvik by Sognefjorden to Bakka by Nærøyfjorden, in a World Heritage area. Features: Valleys and ridges, great views and a steep descent to one of the wildest fjords on the planet. We’ll sleep in tents (mainly borrowed from the group).

Transport: Boat from Bergen (16:30) to Vik (arrive 20:05), Friday, 19.oktober. Taxi/minibus from Vik to the first camp Friday evening. Bus from Gudvangen (most likely 18:00) to Bergen (arrive 20:40) Sunday evening.
Price: Boat: 205 kr with student discount(410 if not). Taxi: ca. 150 kr (I’ll find out by Thursday…). Buss: ca. 130 kr with student discount (ca. 260 if not). Dinner Friday and Saturday: ca. 50 kr. In total: ca 550 kr (if you have a student card).
 
Food: Bring your own breakfast, lunch and snacks. Trip leader brings dinner for Friday and Saturday.

Equipment: Good boots, waterproof and warm clothes (plenty of wool), warm sleeping bag, down jacket (if you have one) mat, torch/headlight, plate, cutlery etc. (winter in the mountains, we might get both snow and low temperatures)

We’ll have 2000 metres of altitude up and even more down. The backpack will weigh between 15 and 20 kilos. God shape required. There will be some walking off the beaten tracks and in quite steep terrain, but not any scrambling worth mentioning.

Map: Nærøyfjorden (turkart, 1:50000).
Sign up and questions: e-mail to hla048@student.uib.no.

Meeting (Ferdaråd) at Realfagsbygget Thursday, 18.00. Please tell if you can’t meet there. Don’t want anyone cancelling on Friday!

Leave a Reply