Foreldrenettet Foreldreutvalget for grunnskolen KFU SU og Styret Foreldrerådet FAU Foreldrekontakt
Utskriftsvennlig utgave Nyhetsbrev Bestilling Kontakt oss Om FUG Nettkart
Du er her: / Foreldrenettet / Hjem-skole- samarbeid / Foreldremøter / Samarbeid om skolens innhold / Foreldre og lærarar saman om det faglege innhaldet

Foreldrenettet er en tjeneste fra

Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep. 0032 Oslo
post@fug.no

Foreldre og lærarar saman om det faglege innhaldet
Initiativ frå foreldra
Ved ein skule, i 2. og 3. klasse var tema ”Samanheng mellom primærnæringa og maten på bordet”.

Initiativet til samarbeidet kom frå foreldra. Dei ønska å slå eit slag for primærnæringa.

Klassekontakt og klassestyrer la fram eit forslag til opplegg, og forslaget var oppe som sak på foreldremøte. Alle var einige om at det var viktig å lære ungane samanhengen mellom primærnæringa og maten vår. Fire foreldre melde seg til å vera med i plangruppe saman med klassestyrar.


Slik blei opplegget

- Besøk på ein gard i april: Elevane var med på mjølking, foring og stell i kufjos. Dei var med å merke og vega lam, og arbeidde med lam og ku som tema på skulen i to veker.

- På eit foreldremøte i slutten av august var det vidare planlegging av tur til fjells og sauesamling.

- Fjelltur i september til ei seter. Her vart gjetarhund ”demonstrert”.

- Elevane fann att mange av lamma dei var med og merkte i april og vog dei. Konkurranse i grupper med ungar og vaksne. 16 foreldre var med på turen.

- I oktober var elevane (i grupper på 7) med og parterte lam på eit storkjøkenet i bygda (ei av mødrane i klassen jobba der). Ein ”bygdeslaktar” var med for å syne oppdeling og fortelja om delane. Det vart sydd sauerull og laga mat til sosial matsamling for store og små om kvelden.


 
Foreldrenettet er en tjeneste fra

Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep. 0032 Oslo
post@fug.no
Imaker publiseringsløsning - © 1996 - 2007 Imaker as