Omorganisering av skuledagen og samarbeid mellom heim og skule
To prioriterte område knytta saman
Skulen ville knytte heim-skulesamarbeid til eit anna prioritert område ved skulen, nemleg ”Omorganisering av skuledagen”. I dette arbeidet er samhandling mellom heim og skule ikkje berre naturleg, men ein viktig føresetnad for ein positiv endringsprosess. Skulen hadde besøk frå ein annan skule som hadde prøvd ut ein modell. Dei ville sjølv ha ei avgrensa utprøving og evaluering av utprøvinga før eventuell full omlegging av skuledagen.
Omorganisering av skuledagen var tema på foreldremøte på dei ulike stega. Foreldra ga synspunkt og spørsmål til m.a. desse punkta:
Passer desse endringane for vår skule/våre elevar?
- innføring av arbeidstimar og liten grad av kateterstyrt undervisning
- lærarane er organisert i team på stega, færrast mogleg læarar på steget
- samanslåtte elevgrupper og 2-3 voksne tilstades i timane
- arbeidsplan med nivådeling og valgmoglegheiter for elevane
- ein kan arbeide med arbeidsplanen på skulen og heime
- elevrolla endrast til aktive, deltakande og ansvarsbevisste elevar
- utarbeiding av fleksibel timeplan som ein stadig kan endre på
- moglegheit for fleksitid og avspasering for elev og lærar
- periodelesing i t.d. musikk, kunst, handverk
- støtteundervisning blir ikkje gjennomført utanfor klassen
- SFO kan vera meir ein del av skuledagen
- Mediateket som sentral læringsarena, bemanna heile dagen
Oppsummeringane av synspunkta vart lagde til grunn i det vidare arbeidet.
|