Rutinar for samarbeid om overgangar mellom skuleslag - eit døme
Overgang mellom barnehage og skule
-
Informasjonsbrev frå skulen til komande 1.kl.- foreldre:
Innhald: orientering om
- skuleveka, organisering, tidspunkt. skuledagar
- skyss
- klassedeling
- lærarsituasjonen
- forventningar til foreldre og elev
Gjerast av rektor i februar.
Innskrivingsdag om våren før 1. klasse. Innkalling til dagen.
Kva skal skje den dagen?
- møte med elevar og foreldre
- foreldre og elevar møter 1.klasselæraren
- rektor møter nye elevar og foreldre
Innhald:
- bli kjend med nye
- kaffi, brus og kaker
- val av klassekontakt
- innskriving hjå rektor
- rektor møter foreldra
- opplegg med barna
- kan få helse på 1. klasse
Innkjøp:
- kaffi, saft og kaker
- utdeling av teiknebok og blyant
Det bør vere to vaksne på slike dagar.
Gjerast av rektor i samarbeid med 1.klasselærar i mars.
Foreldremøte om våren/hausten for komande 1. kl.asse
Nye foreldre har størst behov for eit slikt møte, også når det er nytilsette lærarar.
Innhald:
- korleis få til eit godt læringsmiljø
- disiplin
- omtanke
- bli trygg på skulen
- faglege opplegg
- rutiner
- skuledagar
- skyss
- planer for året
- klassedeling
- plikter for foreldre
- bli kjend med rektor, klasseleiar og assistentar.
Saman med barnehagen:
- eige møte på skulen
- felles foreldremøte på skulen (delte meiningar blant foreldre)
- er eit slikt møte viktig?
Ansvar for møta: Klassestyrar og rektor. April eller august.
Elev-brev til alle komande 1.klassingar.
Ansvar for brevet: Rektor. August, 14 dagar før skulestart.
Første skuledag
Opplegg:
- foreldrene med, halv dag
- høgtideleg opning i gymsalen
- barnas dag
Ansvar: Rektor og 1.kl.-lærar.
Kva skal innkjøpast:
- kaffi, saft og kaker
- fargar, begynnarblyant o.a.
Ansvar: Rektor og ev. 1.kl.-lærar.
Oppgåver:
- opplegg med elevane
- kaffikoking
- servering
- samtale med foreldre
- opprydding
Ansvar: Det bør vere to vaksne som tar seg av alt dette. Lærer og rektor har ansvar for oppryddinga.
Fadderordning
Oppgåver: sitje saman med fadderungen sin på storklassemøte, hente eleven til storklassemøte, hente eleven på bussen, gå saman med eleven til td. julemesse og likn., hjelpe til med låning i biblioteket, lese høgt i 1. og 2. klasse, hjelpe til med å lære dei reglane i uteleikane, hjelpe dei når dei treng det ute, lære dei om konfliktløysing, lage noko saman, følge på tur, gjere dei kjende på skulen, skrive om fadderbarnet, leike og løyse oppgåver saman.
Overgang mellom småskule og mellomtrinn
-
Overgang (to grendeskular, skule A og B)
Bli-kjend dag skule A i februar/mars. 4.kl.lærar på skule A inviterer.
Bli-kjend dag skule B i april/mai. 4.kl.lærar i skule B inviterer.
Hyggekveld med elevar og foreldre (Bli-kjend-kveld)
Idear til innhald:
- bli-kjend-leikar
- underhaldning
- praktiske opplysningar
- traktering (til dømes laga i fellesskap elevar/foreldre)
- loddsal
- presentasjon av ny lærar
- grilling
Rektor og 4.kl-lærar med klassekontakter. Mai/juni.
Andre idear til ting ein kan gjere saman
Småskuletrinnet:
Felles skidagar, fotballkveldar, fjellturar, idrettsdagar, skogsturar til gapahuken, fisketur, teatertur, bærtur, akekveld, skøytedag, overnattingsturar på skulen, på stølar og likn.
Temadagar med musikk, stein, skog, baking, gamle leikar, lokalhistorie, kultur, osv. Planlegge tema og prosjekt.
Dugnad, juleverkstad, kurs, samtalekveldar, informasjonsmøte osv. Gode rutiner og god informasjon. Lære ungane god folkeskikk.
Ansvar: Klassekontakter, foreldre, lærarane. Året rundt.
Overgang mellom barnetrinn og ungdomstrinn
-
Bli-kjend-kveld (dag) og orientering til 7. klasse
Ansvar: Klassestyrarane. Før påske.
Andre idear til ting ein kan gjere saman
Felles leirskuleopphald.
Ansvar: 7.kl. lærarane og rektor. Våren.
Foreldremøte
Innhald:
-val av klassekontakt
-drøfting av leirskuleopphald, lommepengar osv.
-rektor orienterer foreldrene
-mat, kaffi
-orientering frå klasselærarane
Ansvar: Klasselærarane og rektor. Året rundt.
Mellomtrinnet:
Felles skidagar, fotballkveldar, fjellturar, idrettsdagar, skogsturar til gapahuken, fisketur, teatertur, bærtur, klassefestar, kosekveldar, volleyballturnering, skøytedag, overnattings-turar på skulen, på stølar og likn.
Temadagar med musikk, stein, skog, baking, gamle leikar, lokalhistorie, kultur osv.
Foreldre og skule:
- dugnadskveldar
- informasjonsmøte
- kurs og rettleiing om foreldrerolla
- foredrag
- samtalekveldar
- bli-kjend-turar, familieturar osv.
Ansvar: Foreldre og lærarar. Året rundt.
|
 |
 |
 |
|