Familie, vener og utdanning viktigast for dagens tenåringar Medan media ofte framstiller ungdom som opprørsk og problematisk, teiknar ungdomsforskinga eit langt meir positivt bilete, medler kristeleg pressekontor (KPK)  – For dagens tenåringar er blant anna skule og utdanning, organisert fritid, gode relasjonar i heimen og mange vener sentrale verdiar. Det er ei anna side enn den som ofte blir framstilt i media, både av ungdomen sjølv og andre. Lyttar vi til desse, sit vi ofte att med eit trugande bilete.
Det var forskar Anders Bakken ved NOVA (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring) som snakka om dette på eit seminar på IKO – Kirkelig pedagogisk senter i førre veke. Temaet var barn og unges oppvekstvilkår – utfordring til kyrkjeleg undervisning.
NOVA har forska på ungdomskull gjennom undersøkingar i femten år. Kring 12 000 elevar på ungdomsskule og vidaregåande skule deltek i kvar undersøking.
Tek avstand frå eigne avvikarar Eit av temaa i undersøkingane er kva tenåringar sjølv tenkjer om andre unge. Dei vart bedne om å gi poeng til ulike grupper av ungdom. På ein skala der éin er mest negativt og ti mest positivt, fekk kategorien ungdom som kjempar mot rasisme i gjennomsnitt 7,2 poeng, idrettsungdom 6,7, ungdom som aldri drikk alkohol scora 5,9 poeng, og kristen ungdom hamna mitt på treet med fem poeng. Nynazistar fekk ikkje meir enn 1,7 poeng, hasjrøykarar 2,8, og taggarar 3,4 poeng.
– Det er tydeleg at ungdom tek avstand frå eigne avvikarar. Mønsteret er påfallande det same over heile landet, fortalde Bakken.
Har det godt heime Undersøkingane til NOVA tyder òg på at gode relasjonar pregar heimane til tenåringane. Nesten 70 prosent av dei unge bur i lag med både far og mor. Berre femten prosent meiner påstanden ’eg kranglar ofte med foreldra mine’ stemmer godt. 89 prosent seier at påstanden ’når eg fortel foreldra mine om noko, føler eg verkeleg at dei tek meg på alvor’ stemmer godt eller omtrent. 89 prosent seier påstanden ’foreldra mine er skuffa over meg’ stemmer dårleg.
– Eg trur dette viser at foreldre investerer meir i barna sine no enn før, og brukar meir tid saman med dei, sa Bakken.
Men alt er ikkje berre idyll. Bakken viste til at fleire har ein kvardag prega av konfliktar i heimen, og har lav skulemotivasjon, sjølv om dette ikkje kom så godt fram i hans presentasjon. Andre tenåringar har problem i forhold til rus og kriminalitet, og nokre har psykiske problem. Til dømes svarar heile 20 prosent av alle jentene som har vore med i undersøkinga at dei har eller har hatt sjølvmordstankar.
Tekst og foto: Helge Johan Stautland/KPK
Les saka på kpk.no
|
 |
 |
 |
|