Oversikt over tiltak mot mobbing Vi er inne i andre perioden for mobbemanifestet. Manifestpartane har forplikta seg til å halde fram med samarbeidet for eit godt lærings- og oppvekstmiljø. I det følgjande finn du ei oversikt over program og nettstader som kan gi idear og hjelp i arbeidet mot mobbing.  Eit nytt manifest blei underteikna den 8.6.2005. I den nye perioden samarbeider Utdanningsforbundet med Utdanningsdirektoratet, Utdannings- og forskingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Sosial- og helsedirektoratet, FUG og KS. I det nye manifestet legg partane særleg vekt på tydeleg leiing, lokal forankring og handling. Det er samtidig viktig at foreldra vert inkluderte og at tiltaka mot mobbing er koordinerte og langsiktige.
Partane vil arbeide for å styrke innsatsen lokalt og regionalt, slik at barnehage og skule får auka kompetansen sin. Samarbeid med heimen er særlig viktig.
Det første Manifest mot mobbing vart underskrive 23. september 2002. Partane forplikta seg då til å arbeide for ein felles visjon om nulltoleranse mot mobbing. Rogalandsforsking evaluerte manifestarbeidet og konkluderte med at det ser ut til å ha ført utviklinga i positiv retning. Etter ein lang periode med auka førekomst av mobbing, syner dei nyaste målingane at denne trenden er snudd. Omfanget av mobbing er redusert.
Olweus-programmet mot mobbing og antisosial åtferd i grunnskulen
Lokalt arbeid mot mobbing i barnehagar og skular - Rapport frå fleire utviklingsprosjekt Utdanningsforbundet.
Manifestpartane har laga ein eigen idébank om Manifest mot mobbing. På heimesidene til Utdanningsdirektoratet blir ein oversikt over arbeidet med Manifest mot mobbing presentert, i tillegg til andre ressursar i kampen mot mobbing.
Dette er eit hefte med gode råd til foreldre som ønskjer å bedra til å forhindre mobbing. Mobbing kan være eit "hemmeleg mareritt". Sjølv om det normalt skjer rett for auga på andre barn, så har mange ei stille liding. Mobbing lever høgt på hemmeleghald og angst.
Barne- og familiedepartementet har gitt ut ei brosjyre som rettar seg til tilsette i barnehagane, og har som føremål å inspirere til diskusjon, refleksjon og auka fokus på sosial kompetanse og mobbing.
Utdanningsdirektoratet har utvikla ein møteplass for lærings- og oppvekstmiljø. Møteplassen har tre hovudområdar: fysisk miljø, psykososialt miljø og eit område for verdiar, demokrati og med virkning.
Tiltakspakka skal være ei hjelp for å motarbeide mobbing i vidaregåande opplæring. Pakka er sendt ut til alle vidaregåande skuler i landet, opplæringsadministrasjonar og PP-tjenesten.
NO1OUT er eit verktøy mot mobbing og utestenging - og for inkludering - er tilgjengeleg på nettet. Verktøyet er utvikla av unge i samarbeid med Forandringsfabrikken i Redd Barna. Det kan brukast i skular, organisasjonar og institusjonar.
Alle elevar har rett til ein tilrettelagt opplæringssituasjon prega av tryggleik, trivsel og arbeidsro. Utdanningsdirektoratet har utvikla ei veiledingspakke som skal hjelpe skulane å førebyggje og handtere alvorlege atferdsvanskar i skulen.
"Mangfald og Dialog"(MOD) er eit undervisningsprogram og eit kursopplegg for å endre holdningar og gje kunnskap om fordommar, diskriminering og rasisme.
Opplegget er eit alternativ til Olweus-programmet. Zero er utvikla ved Senter for Atferdsforskning (Saf) i Stavanger.
|