Statsbudsjettet lagt frem idag
Skolar, barnehagar og psykiatrien er dei viktigaste satsingsområda i kommuneopplegget i statsbudsjettet.  – Å gje barna ein god skole og ei god opplæring er noko av det viktigaste vi kan gjere, seier kommunal‑ og regionalminister Erna Solberg.
Regjeringa foreslår å løyve 1,6 milliardar kroner til å gjennomføre Kunnskapslyftet i 2006. 600 millionar kroner av det skal brukast til kompetanseutvikling for lærarar og skuleleiarar. Nå gjenstår det å se kva det nye Stortinget vil gjere av endringar i budsjettforslaget.
Regjeringa føreslår å løyve om lag 1,6 milliardar kroner til gjennomføringa av Kunnskapslyftet i 2006. I samband med Kunnskapslyftet ønskjer Regjeringa å løyve 400 millionar kroner til å dekkje kommunale kostnader til nye læremiddel i grunnskulen. Vidare er det gjort framlegg om å auke rammetilskotet til kommunane med 190 millionar kroner for å finansiere heilårsverknaden av timetalsutvidinga som blei innført i grunnskulen frå hausten 2005. Å utvikle nye læreplanar er eit anna prioritert tiltak i reforma. Det blir foreslått å løyve 80 millionar kroner til arbeidet med å ferdigstille dei resterande læreplanane i 2006.
Satsinga på barnehagar held fram i 2006, og regjeringa føreslår ein reell auke i dei øyremerkte tilskota til barnehagar på 1,1 milliardar kroner.
– Det blir lagt opp til ein kapasitetsvekst tilsvarande 7600 heiltidsplassar for barn under tre år, seier Erna Solberg. Dette skal vere tilstrekkeleg til å nå full behovsdekning ved trinn I i maksimalprisen i løpet av 2006.
Statsbudsjettet 2006
Utdannings- og forskningsdepartementet (UFD):
Pressemelding til Statsbudsjettet
Budsjettfremlegg frå UFD
Kommunal- og regionaldepartementet (KRD):
Pressemelding til Statsbudsjettet
Budsjettfremlegg
|