Strategi for eit betre læringsmiljø Utdanningsdirektoratet har utarbeidd eit rettleiingshefte, Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringen 2005-08: "Læringsmiljø i skole og lærebedrift". Heftet skal hjelpe med å fremje gode læringsmiljø for elevar og læringar i grunnskole og vidaregåande opplæring, melder Fylkesmannen i Rogaland.  Utdanningsdirektoratet har utarbeidd eit rettleiingshefte, Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringen 2005-08: "Læringsmiljø i skole og lærebedrift". Heftet skal hjelpe med å fremje gode læringsmiljø for elevar og læringar i grunnskole og vidaregåande opplæring.
Alle barn og unge er på skolen ein stor del av si tid. Dei har krav på et godt miljø, både fysisk og psykososialt. Arbeidet med læringsmiljøet er ein vedvarande innsats som ikkje tek slutt. Det er ingen enkle vegar til eit godt læringsmiljø.
Strategien skal gi hjelp til skoleeigarar og den enkelte skole når dei skal setje seg mål, lage planar og setje i verk tiltak for å utvikle gode læringsmiljø.
Forsking viser at helskapleg innsats som omfattar heile skolen, gir dei beste resultata. Strategien tek difor sikte på å styrkje kompetansen blant skoleeigarar og skoleleiarar for å auke ei helskepleg tilnærming til læringsmiljøet. Den vil også stimulere til auka kunnskap hos lærarar og instruktørar om målretta vedvarande innsats for utvikling av læringsmiljøet. Strategien omfattar også lærlingane sitt læringsmiljø.
Det blir arbeidd med ein eigen strategi for kvalitet i fag- og yrkesopplæring.
|