Foreldrenettet Foreldreutvalget for grunnskolen KFU SU og Styret Foreldrerådet FAU Foreldrekontakt
Utskriftsvennlig utgave Nyhetsbrev Bestilling Kontakt oss Om FUG Nettkart
Du er her: / Foreldrenettet / Foreldrerådet / Avklaring om leirskole

Foreldrenettet er en tjeneste fra

Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep. 0032 Oslo
post@fug.no

Avklaring om leirskole
Utdanningsdirektoratet har i eit brev avklart kva dei meiner med leirskole.

”Med leirskole er heretter meint leirskole eller annan aktivitet med ein varigheit på minst tre overnattingar. Med ”annan aktivitet” er det her meint eksempelvis ekskursjonar eller turar som ein del av grunnopplæringa.”


Utdaningsdirektoratet seier at tilskott til leirskoleopplæring kan nyttast til reiser med ”Kvite busser”, da slike reiser faller inn under formuleringa ”annan aktivitet”.

Leirskole er difor ikkje avgrensa til 6. eller 7. årstrinn.

Tilskott til leirskole

Utdanningsdirektoratet har tidlegare sagt om tilskott til leirskole at målet med tilskottsordninga er å stimulera kommunane til å gje alle elevar eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Mottakarar av tilskott er kommunar.

Målgruppe er elevar ved kommunale grunnskolar, samt elevar ved institusjonar der fylkeskommunen er ansvarleg for grunnskoleopplæringa.

Tilskottsordninga er budsjettstyrt (budsjettramma er avgjerande for tildeling av tilskott).

Vi viser til opplæringslova § 2-3.

Direktoratet skal i 2005 kartleggje utviklinga i leirskoletilbodet og kommunane sin bruk av dette tilbodet i 2003 og 2004, jf. Budsjett-innst. S.nr. 12 (2004-2005).

Les meir om leirskolar:

Utrekning av tilskott.

Avklaring av rundskriv 4 når det gjelder Kvite Busser 

Retningsliner gjeldande frå 1. januar 2005 

Rundskriv tilskot 4-2005 

Stortingsproposisjon nr. 1 for budsjetterminen 2005, side 68 

Vedlegg til rundskriv tilskot 4-2005 (excel) 

Relaterte lenker:

Aktive Fredsreiser 

Stiftelsen Kvite busser til Auschwitz 

 
Foreldrenettet er en tjeneste fra

Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep. 0032 Oslo
post@fug.no
Imaker publiseringsløsning - © 1996 - 2007 Imaker as