Foreldrenettet Foreldreutvalget for grunnskolen KFU SU og Styret Foreldrerådet FAU Foreldrekontakt
Utskriftsvennlig utgave Nyhetsbrev Bestilling Kontakt oss Om FUG Nettkart
Du er her: / Foreldrenettet / Hjelp barnet ditt / Ressurssider / Foreldrekveld med chat og SMS

Foreldrenettet er en tjeneste fra

Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep. 0032 Oslo
post@fug.no

Foreldrekveld med chat og SMS
Når barna begynner å chatte på Internett, blir mange foreldre redde. Organisasjonen Barnevakten ønskjer å inspirere foreldra til å bli med ungane ut i teknologiverda.

Tekst: Tyra Tronstad. Artikkel frå Foreldrekontakten nr. 4-2005


– Vi lærer jo barna å symje. Vi gir dei armringar og fortel dei kva som kan skje dersom dei fell i vatnet. Vi burde gjere det same når det gjeld bruk av Internett og andre medium, seier Stig Ryland. Han er dagleg leiar av Barnevakten, ein organisasjon som gir råd om barn og media, og som jobbar for å verne barna mot skadeleg mediepåverknad. Barnevakten held ofte kurs om nettbruk på norske foreldremøte og har opplevd at mange går frå å vere urolege til å bli entusiastiske når dei får vite meir om kva barna faktisk kan bruke teknologien til – og at dei sjølve kan vere med.

– Mange foreldre har aldri opplevd ei chatteside. Vi ønskjer å gi foreldra eit kick, slik at dei forstår kvifor barna vil bruke så mykje tid på slikt. For dersom foreldra berre seier nei til all mediebruk, blir barna sitjande der åleine. Det blir ei verd utan vaksne, og det er ikkje trygt, seier Ryland.

Bilspel på foreldremøtet
Over tjue foredragshaldarar frå Barnevakten står klare til å vere med på norske foreldremøte med eit diskusjonsopplegg om barn og mediebruk. Men dei er ikkje dei einaste: Redd Barna har òg diskusjonsopplegg om sikker nettbruk, med særleg fokus på å unngå overgrep. Nettstaden foreldrepraten.no har eigne opplegg som kan lastast ned gratis. Det er altså nok stoff å ta tak i for den som vil starte ein diskusjon på foreldremøta. Noko som ofte kan vere nødvendig, meiner Ryland.

– På møta våre kjem det mange mødrer som vil ha stadfest uroa over at barna bruker Internett og spel. Så får dei teste både nettsider og spel og blir fulle av entusiasme. Og då kjem det ofte: Her skulle far i huset ha vore òg! Derfor har vi laga opplegg for pappakveldar, der fedrane kan prøve bilspel, chatte på nettet og ta den store SMS-testen. Vi trur at dersom foreldra veit kva dette er, kan dei følgje med på kva ungane gjer, og forstå kvifor dei gjer det.

Vil starte ”nettramnar”
Ryland jobbar òg med å starte opp eit nettverk av folk som kan følgje med på chattestadene barna er på.

– Vi tenkjer oss nokre ”nettramnar” som passar på ungane der dei er. Men det er ikkje sett i gang enno, fortel han. Han etterlyser i det store og heile meir medvit frå dei vaksne om mediekvardagen til barna, både når det gjeld spel, TV og Internett. Og med meir medvit meiner han ikkje at foreldra bør vere strengare.
– Vi må lære barna å takle media, og vi må skape ein dialog med dei. Vi kan faktisk chatte og spele med ungane og sjå kva dei gjer. Dersom vi vil at barna skal ferdast trygt på nettet, skal vi ikkje ta nettet frå dei, men vere konstruktive og vise dei korleis dei skal bruke det.

Enkle råd for trygg chatting

Bruk lynmeldingsprogram
Barn i grunnskulen bør chatte på lukka chatteprogram, ikkje på dei opne chattekanalane på Internett.
 
Vit kven barnet snakkar med
Alle chattevenner skal ha eit ansikt før de legg dei til i adresseboka, det vil seie at de har møtt den det gjeld, i det verkelege livet, og veit kven som eig e-postadressa.
 
Ta del i chattinga
Set datamaskina i eit ope rom i staden for å la henne stå på barnerommet. Snakk med barna om chattinga. Det er viktigare å bruke tid på å etablere ein open dialog og eit tillitsforhold enn å sjekke loggen kvar dag.
 
Barn bør ikkje møte nokon
Barn bør ikkje møte nokon som dei har chatta med på Internett. Skal det likevel skje, må barnet ha følgje med ein vaksen. Erfaringar viser at barn som oftast tek med seg ein jamgammal venn.
 
Pass på personlege opplysningar
Ein god hugseregel er at barnet aldri bør ta imot gåver frå nokon han eller ho ikkje har møtt andre stader enn via chatten. Barnet bør heller aldri gi frå seg mobilnummer, bilete av seg sjølv, adressa si eller andre personlege opplysningar.

Kjelde: Barnevakten.no


Nyttige lenkjer om barn og nettbruk

www.barnevakten.no
www.reddbarna.no
www.foreldrepraten.no

 
Foreldrenettet er en tjeneste fra

Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep. 0032 Oslo
post@fug.no
Imaker publiseringsløsning - © 1996 - 2007 Imaker as