Foreldreutvalget for grunnskolen Foreldrenettet
Utskriftsvennlig utgave Nyhetsbrev Bestilling Kontakt oss Om FUG Nettkart
Du er her: / FUG / Foreldre som faglege rettleiarar

Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep 0032 Oslo
post@fug.no
Foreldre som faglege rettleiarar
Bindalsprosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom heim, skule og bibliotek om skriftspråkutvikling hos elevane gjennom Høgskulen i Nesna.

Prosjektet ønskjer å utvikle eit kompetanseprogram som resultat av systematisk samarbeid mellom foreldre, lærarar og bibliotek om lese- og skriveutvikling. Sentralt i programmet er foreldre som faglege rettleiarar, behov for kompetanse og korleis lærarar og bibliotekarar kan medverke i denne samanhengen.

Å kunne lese og skrive er kritisk for personleg utvikling og samfunnsdeltaking. På alle nivå i utdanningssamfunnet blir dette temaet prioritert. I denne samanheng kommer også foreldre og bibliotektenesta inn som viktige ressursar. I vårt land har skulen lang tradisjon på samarbeid med heimen, men samarbeidet har i stor grad sett på foreldre som praktiske hjelparar og ikkje som faglege rettleiarar. St.meld. nr. 14(1997-98) fokuserer på større foreldremedverknad og tiltak som kan styrke foreldreengasjement i skulen, også når det gjeld klassemiljø og undervisning.

Foreldra spiller ei stor rolle i utvikling av skriftspråk i heile læringsperioden. Gode lese- og skriveevner har mykje å seie for eigenverd, læring og medverknad heile livet igjennom. Barn les ulikt, men nyare forsking viser at interesse frå foreldra er den beste garanti for ei positiv læring av skriftspråk og aktiv påverknad av lese- og skriveutvikling gjennom førskule- og skulealder. Foreldra har kontakt med skule og bibliotek i praktiske samanhengar, men har i liten grad blitt sett på som faglege rettleiarar i samanheng med undervisninga.

Prosjektet ønskjer å styrke foreldra som faglege rettleiarar. Å være fagleg rettleiar vil seie at foreldra både får kunnskap om å leggje til rette eit godt læringsmiljø og gi støtte og råd i lese- og skrivelæring heime. Foreldra er ikkje utan vidare kompetente til å ivareta denne oppgåva, og heller ikkje heim, skule og bibliotek har nok erfaring med å samarbeide for felles læring.

Les meir på www.hinesna.no



Kurs om foreldrerollen 18.-19. april

 
Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep 0032 Oslo
post@fug.no
Imaker publiseringsløsning - © 1996 - 2006 Imaker as