Framleis rom for lesing ...heime "Framleis rom for lesing ...heime" er eit hefte som skal delast ut til foreldre med barn på 5. trinn. Heftet tek for seg korleis foreldra kan rettleie, støtte og oppmuntre barna til å halde ved like og vidareutvikle eigen lesedugleik også på 5.-7. trinnet.  Heftet er gitt ut av Foreldreutvalet for grunnskolen, Utdanningsdirektoratet og Lesesenteret, og er eit tiltak i samband med strategiplanen "Gi rom for lesing!"
Heftet blir sendt til kommunane, som vidareformidlar det til skolane.
Heftet blir sendt ut foreldre med barn på 5.trinnet i januar 2006, i august 2006 og i august 2007.
Dersom skolen ikkje får nok eksemplar av heftet, eller ønskjer heftet på ei anna målform, kan dei bestille heftet gjennom kommunen, som sender ei samla etterbestilling innan 28. februar.
Dersom kommunen ikkje får nok eksemplar av heftet, eller ønskjer heftet på ei anna målform, kan dei sende ei samla etterbestilling innan 28. februar 2006 til:
Mathisen & Halvorsen Epost: firmapost@math-halvorsen.no Faks: 23 05 80 81
Etterbestilling frå enkeltskolar blir ikkje behandla. Etterbestilling frå kommunar blir ikkje behandla etter 28.02.2006. Heftet kan ikkje tingast frå FUG, men kan lastast ned frå nettet.
Sjå http://skolenettet.no/lesing for meir informasjon
Fortsatt rom for lesing ...hjemme
(2952 Kb)
Framleis rom for lesing ...heime
(2907 Kb)
|