LOM - nettstaden for lærings- og oppvekstmiljø Alle elevar har krav på eit sikkert og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø. På nettstaden LOM kan du finne informasjon om korleis ein kan sikre elevar eit godt miljø.  Målgruppa er lærarar, skoleleiarar, skoleeigarar og rådgivingstenester som PP-tenesta. Nettstaden kan også nyttast av foreldre som ønskjer å oppdatere seg på utviklinga av eit godt skulemiljø.
Tre utviklingsområde er prioriterte på nettstaden LOM:
Eit godt psykososialt miljø og god sosial kompetanse Innsatsen blir spesielt retta mot tre områder:
1. Utvikling av sosial kompetanse
2. Tiltak for å motverke problemåtferd som mobbing, vald, hærverk, kriminalitet og rusmisbruk
3. Tiltak retta mot psykisk helse
Eit godt fysisk miljø Fokus er sett på skoleanlegg, arbeidsmiljø, helse og trivsel.
Demokrati, verdival og medverknad I sentrum står verdiar i skolekvardagen og auka fokus på elevmedverknad.
Ansvarleg for oppdatering av nettstaden LOM, er Lillegården kompetansesenter med støtte frå Utdanningsdirektoratet. På LOM-sidene vil Lillegården kompetansesenter samle, systematisere og spreie kunnskap knytta til læringsmiljøet og i tillegg presentere praktiske tiltak og modellar som kan nyttast i skolen. Ikkje minst vil du finne mange lenker til aktuelle nettstader.
Frå februar 2006 kan du abonnere på nyheitsbrev slik at siste nytt på LOM-sidene kjem direkte til di e-postadresse.
Lillegården kompetansesenter er eit landsdekkande spesialpedagogisk kompetansesenter som arbeider systemretta med å fremje positivt læringsmiljø i skolen. Senteret ligg i Porsgrunn kommune og har 13 tilsette.
Les meir på nettstaden: LOM - nettstaden for lærings- og oppvekstmiljø
|