Alle foreldra med i Foreldreundersøkinga Rønningen skule i Asker kommune har sendt brev til alle foreldra med oppmoding om å svare på Foreldreundersøkinga. – For å skape ein god skule er det viktig for oss å ha eit godt samarbeid med foreldra. Dette hjelper oss til å komme vidare og utvikle oss i riktig retning, seier rektor Kjersti Tobro.  I Foreldreundersøkinga frå Utdanningsdirektoratet kan alle foreldre og føresette seie si meining om skulen og det tilbodet barnet deira får.
- Eg er ny rektor på skulen og eg treng å få eit overblikk over kva foreldra meiner om det tilbodet vi gir. Vidare hjelper foreldra sine innspel oss til å justere planane for verksemda. Foreldreundersøkinga er ein god innfallsvinkel til å utvikle eit godt samarbeid med foreldra, seier Tobro.
Måndag 16. januar gjekk startskotet for Foreldreundersøkinga for våren 2006. Undersøkinga er eit godt verkty for å kartleggje kva foreldra meiner om grunnopplæringa. Skulen kan dermed danne seg eit betre bilete av korleis dei blir oppfatta og kva tiltak dei bør setje i verk. Foreldreundersøkinga er nettbasert og tilgjengeleg fram til 1. mai, melder Utdanningsdirektoratet.
Utdanningsdirektoratet tilbyr fire brukarundersøkingar: Elev-, Lærar-, Foreldre- og Lærlingundersøkinga. Når resultata av undersøkingane er klare, bør skuleleiinga analysere resultata saman med elevråd, FAU, lærarar og andre tilsette.
Les meir:
Rønningen skule
Resultata frå den obligatoriske delen av undersøkinga skal publiserast på skoleporten.no.
Informasjon om undersøkingane på www.udir.no/undersokelser
Brosjyren: Informasjon om elevundersøkinga
Til foreldre og føresette om Foreldreundersøkinga
Les meir om korleis foreldra kan medverke i utviklinga av skulen din:
Foreldre med i kvalitetsutvikling (928 Kb)
|