Foreldreutvalget for grunnskolen Foreldrenettet
Utskriftsvennlig utgave Nyhetsbrev Bestilling Kontakt oss Om FUG Nettkart
Du er her: / FUG / Nyhetsarkiv / Nyheter fra 2006 / Foreldreundersøkinga våren 2006

Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep 0032 Oslo
post@fug.no
Foreldreundersøkinga våren 2006
Måndag 16. januar gjekk startskotet for Foreldreundersøkinga for våren 2006. Undersøkinga er eit godt verkty for å kartleggje kva foreldra meiner om grunnopplæringa.


Skulen kan dermed danne seg eit betre bilete av korleis dei blir oppfatta og kva tiltak dei bør setje i verk. Foreldreundersøkinga er nettbasert og tilgjengeleg fram til 1. mai, melder Utdanningsdirektoratet.
Utdanningsdirektoratet tilbyr fire brukarundersøkingar: Elev-, Lærar-, Foreldre- og Lærlingundersøkinga. Når resultata av undersøkingane er klare, bør skuleleiinga analysere resultata saman med elevråd, foreldrerepresentantar, lærarar og andre tilsette.

Foreldreundersøkinga er rektor sitt ansvar. Foreldre som vil medverke i undersøkinga, kan kontakte rektor eller FAU. Undersøkinga er, som Lærar- og Lærlingundersøkinga, eit frivillig tilbod. Foreldra i grunnskulen kan seie meininga si om læringsmiljøet, og lærlingane får formidla erfaringane sine om opplæringa i lærebedriftene. Undersøkingane gir ein ”tilstandsrapport” om opplæringa i dag.

Elevinspektørane har i år skifta namn til Elevundersøkinga. Elevundersøkinga er obligatorisk. Alle elevar på 7. og 10. trinn og på fyrste trinn på vidaregåande må gjennomføre Elevundersøkinga innan 1. mai.

Før elevane svarer på spørsmåla, bør elevane, foreldra og dei tilsette i skulen informerast om formål, innhald, gjennomføring og oppfølging av undersøkinga.

Utdanningsdirektoratet ber skulane om å formidle denne informasjonen til heimane før Elevundersøkinga blir gjennomført. Utdanningsdirektoratet har i år sendt ut brosjyrar og plakatar om Elevundersøkinga 2006 til alle grunnskular og vidaregåande skular.

Resultata frå den obligatoriske delen av undersøkinga skal publiserast på skoleporten.no.

Les meir:

Informasjon om undersøkingane på www.udir.no/undersokelser

Brosjyren: Informasjon om elevundersøkinga

Til foreldre og føresette om Foreldreundersøkinga

Les meir om korleis foreldra kan medverke i utviklinga av skulen din:

Foreldre med i kvalitetsutvikling (928 Kb)

 
Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep 0032 Oslo
post@fug.no
Imaker publiseringsløsning - © 1996 - 2006 Imaker as