Skulekonferanse i Sogn og Fjordane 8. november - foreldra er med! Konferansen har fokus på foreldra som ein ressurs for born si læring. Både foreldrerepresentanter, skulefolk og kommunalt ansvarlege for skulen er inviterte til konferansen "Kultur for læring" i Førde 8. november. Det er ingen konferanseavgift for foreldra.  Arrangørane er Skuleutvalet i KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Utdanningsforbundet og Foreldreutvalet for grunnskolen(FUG).
Konferansen fokuserer på
- Foreldra som ein ressurs for å styrke elevane si opplæring
- Skulen sitt ansvar for å legge til rette for samarbeid og medverknad
- Foreldra sitt engasjement i høve borna si opplæring
- Skuleeigar sitt ansvar/si rolle for å legge til rette for kommunale foreldreutval (KFU)
Mer informasjon om konferansen og påmelding
(Invitasjon_Kultur_for_laering.doc, 1608 Kb)
|
 |
 |
 |
|