Samspel på Marvik skule! Fleire og fleire skular tek no i bruk SAMSPILLET på foreldremøta. På Marvik skule i Suldal kommune var mange foreldre samla den 28. mars for å prøve spelet. Diskusjonen gikk friskt rundt borda før foreldra kom fram til dei utsegnene som skulle vere retningsgjevande for samarbeidet på skulen i tida framover.  Reiskap for å avklare forventingar
SAMSPILLET er utvikla av FUG og er eit verktøy for å avklare forventingane til heim-skule-samarbeidet og konkretisere kva samarbeidet skal handle om.
Spelet består av 56 kort delt inn i sju kategoriar med ulike påstandar og utsegn. Gjennom diskusjonar i grupper på mellom seks og ti deltakarar, der både foreldre og lærarar deltar, skal deltakarane prioritere to utsegn i kvar kategori. Prioriteringane skal danne utgangspunkt for ei forpliktande avtale om innhaldet i heim-skule-samarbeidet.
På denne måten får foreldremøta ei utradisjonell form som medverker til aktivitet og engasjement. Her må alle delta!
|