Fylkesmannen.no
Skip navigation Beginning of navigation
Skip navigation Beginning of navigation
Du er her:  Hovudside
Byggeklosser

Tenester til funksjonshemma barn

Etter oppmoding frå Fylkesmannen har kommunane i Hordaland gjennomgått helse- og sosialtenestene for å finne kvar det kan svikte. Oppsummering av svara viser at mykje kan betrast.
(20.08.2007)
Les meir
Tilsyn 100

Gebyr ved kontroll og løyve etter forureininglova

Det er no innført gebyr for tilsyn, utarbeiding og endring av utsleppsløyve for alle verksemder regulert etter forureininglova. Innkreving av gebyr starta opp i august. Fylkesmannen har sendt brev med informasjon til kommunane og verksemder med krav til årsrapportering.
(17.08.2007)
Les meir
Sjukepleie

Tenestetilbodet til gamle

Fylkesmannen har sagt at kommunane må gjere grundige vurderingar før sjukeheimar blir gjort om til omsorgsbustader. Helse- og omsorgsdepartementet meiner også dette.
(16.08.2007)
Les meir
Melding frå NVE

Melding frå flaumvarslingstenesta til NVE

Det er fare for lokal flaum i Hordaland i perioden fram til 17. august.
(16.08.2007)
Les meir

Skjønsmidlar 2007 til utviklingsprosjekt

Fylkesmannen sette av to millionar av skjønsmidlane for 2007 til kommunale omstillings- og utviklingsprosjekt. Ein million vart fordelt i januar. Vi har no delt den resterande millionen på seks ulike prosjekt.
(13.08.2007)
Les meir

Ekstra skjønstilskot til kommunane på 4,1 mill

Av det opphavleg ufordelte skjønstilskotet for 2007 på 6,1 millionar gjekk 2 millionar til interkommunale tiltak. Dei resterande 4,1 millionane til generell fordeling mellom kommunane er no fordelte.
(13.08.2007)
Les meir

Færre ROBEK-kommunar i Hordaland

Talet på kommunar i registeret for betinga godkjenning og kontroll er no nede i seks mot elleve i fjor.
(13.08.2007)
Les meir
PCB-Polar

Byggeigarar i tidsnød!

Siste frist for å skifte ut dei PCB-haldige kondensatorane er 31. desember 2007. Fylkesmannens tilsyn viser at fleire kommunar og private byggeigarar har det travelt dersom dei skal klare å halde fristen.
(12.08.2007)
Les meir
Elever2

Få elevar i Hordaland klagar på skriftleg eksamen i grunnskulen

Totalt vart det levert inn om lag 8300 elevsvar til ordinær sensur i Hordaland, men berre 68 av desse vart sendt inn til klagesensur (0,8%). Resultat av klagesensuren var at 23 karakterar vart sett opp og 2 sett ned.
(10.08.2007)
Les meir
eple

Norsk forskingsråd støttar nytt økoprosjekt

Prosjektet "Norskprodusert økologisk frukt til forbrukarane" har fått støtte frå Norsk forskingsråd (NFR). Målet er at innanlandsk produksjon av økologisk frukt skal vere minst 15 % av den totale fruktproduksjonen innan 2015 for å stette den aukande etterspurnaden til forbrukarane.
(08.08.2007)
Les meir
Avansert

Kontaktinformasjon

Fylkesmannen i Hordaland
Telefon: 55 57 20 00
E-post: postmottak@fmho.no
Les meir

Abonner på våre nettsider

Aktuelt

Work in Norway?

Work opportunities in Norway.
 

Brev til ROBEK-kommunane om budsjett for 2007

Les Fylkesmannen si tilbakemelding på budsjetta til ROBEK-kommunane. Nye brev vil bli lagt ut fortløpande.

Skattebarometeret

Skatteinngang og budsjettert skatt pr. 31.06.07.
Klikk her