Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) er service- og velferdsorganisasjonen for studenter i Ålesund og Volda. SfS er studentane sin eigen service- og velferdsorganisasjon på Sunnmøre og har kontor i høgskolebygget (B114).
Velferdstilbud fra samskipnaden
Gjennom semesteravgifta er du som student sikra eit godt tilbod:
Kantine
Sentralt i bygget finn du ei lys og luftig kantine der du kan få kjøpt både frukost, lunsj og middag. Her finn du både dagens middag og à la carte, eller du kan treffe andre studentar over ein kopp kaffi. Kantina har kveldsope til kl 2000 alle kvardagar unntatt fredag.
Bokhandel
SfS driv ”Fagbok”, ein bokhandel som ligg i Høgskolesenteret og som har eit rikt utval av faglitteratur, noko skjønnlitteratur og rekvisita. Du finn og kioskvarer her.
Bustader
Studentsamskipnaden har eigne bustader for studentane ved HiÅ. Tilbodet omfattar både leilegheiter og hyblar til hyggelege prisar. Alle har oppkopling mot internett (gratis) og kabel-tv. Du søkjer om bustad på www.boligtorget.no. Her finner du og søknadsfristar.
Trening
SfS har samarbeidsavtale med ”Tren” som er eit treningssenter som gir studentane eit godt og gunstig treningstilbod.
Båt- og hytteutleige
Som student ved HiÅ kan du låne båt hos SfS eller nytte deg av dei to studenthyttene som finst på Sunnmøre.
Barnehage
SfS har også ein barnehage med plass til inntil 18 barn. Plassane blir primært tildelt barn til heiltidsstudentar som betaler semesteravgift til SfS. Meir informasjon får du hos SfS.
Helseteneste
I tillegg til å refundere delar av besøk hos lege m.m. har SfS i samarbeid med HiÅ avtale om psykologisk helseteneste, sosial rådgjevingsteneste og tilskot til ein del andre helseutgifter. Vi har og ei helsesøster som er tilgjengeleg ein dag i veka. Åpen trefftid: 09.00 - 15.00
Helsetenesten omfatter informasjon og veiledning om kropp, seksualitet og prevensjon, og du som student får tilbod om:
- Informasjon om prevensjonsmetoder
- Foreskriving av prevensjonsmidler
- Utdeling av gratis kondomer
- Testing av klamydia
- Hjelp til å bestille time hos lege
- Uformell samtale om kropp, helse, seksualitet og prevensjon
- Graviditetstesting
