Medisinsk testing
KRAV OM MEDISINSK TESTING
Alle helsefagstudentar har i løpet av studietida praksis på sjukehus, sjukeheimar, i primærhelsetenesta og andre typer institusjonar. Under desse praksisperiodane vil de koma i nærkontakt med pasientar og klientar. Det er derfor viktig å få avklart om du kan vera berar av smittsame bakteriar. Dei to viktigaste er tuberkelbakterien og MRSA.
Tuberkulinprøve/Pirquetprøve
For å sikre at pasientar og klientar ikkje vert utsett for smittefare, har Sosial - og helsedepartementet utarbeidd Forskrift om tuberkulosekontroll av 21. juni 2002.
For nye studentar ved avdelinga medfører dette at alle studentar som ein eller annan gong har vore minst 3 månader i land utanfor Vest-Europa, USA, Canada, Australia, New Zealand og Japan, har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking. Den må vera gjort minimum 2 månader(inkubasjonstid) etter at studenten sist oppheldt seg minst 3 månader i eit risikoland.
I samband med semesterregistreringa må du svare på 3 spørsmål om tuberkulose. Dersom du må svare ja på eitt eller fleire av spørsmåla, må du gjennomgå tuberkuloseundersøking, alternativt levere tuberkulinattest for testing som er gjort minst to måneder etter at du forlet eitt av dei aktuelle landa eller var i kontakt med tuberkuløs smitte.
Viktig! Dersom du kjem flyttande til Oslo i samband med studiet, må du ordne tuberkulinprøven/pirquetprøven på heimstaden din - før du flytter. Helsesentra i bydelane i Oslo har kun kapasitet til å ta tuberkulinprøve/pirquetprøve på eigne innbyggjarar i bydelane.
I studiesamanheng vil manglande dokumentasjon føre til at du ikkje kan gå ut i praksis. Første praksisperiode er lagd til siste halvdel av september for alle studentar ved HF.
MRSA
Infeksjonar som vert forårsaka av meticillinresistente gule stafylokokkar ( MRSA ), er mest utbreidde i land utanfor Norden. Då MRSA - bakterien ikkje reagerer på vanleg behandling med antibiotika, kan infeksjonane vere vanskelege å behandle. For å hindre smitteoverføring av MRSA - bakterien til pasientar og personale i norske helseinstitusjonar, har Sosial - og helsedepartementet gitt Forskrift om forhåndsundersøking av arbeidstakarar innan helsevesenet - antibiotikaresistente bakteriar av 1.august 1996 med tilhøyrande nasjonale retningsliner.
I samband med semesterregistreringa må du svare på 7 spørsmål om MRSA. Dersom du må svare ja på eitt eller fleire av spørsmålene, må du testast for MRSA.
Avdeling for helsefag har inngått avtale med Infeksjonsmedisinsk poliklinikk ved Ullevål Universitetssykehus om å gjennomføre testing av studentar som kan ha vore utsett for MRSA-smitte. Ring tlf.nr. 22 11 91 12 for å avtale tid for testing. MRSA-testinga er gratis.
Det vil bli tatt prøve til bakteriologisk dyrking frå nase, hals og frå eventuelle sår, arr eller eksem. Resultatet frå prøva ligg føre innan 2 veker. Etter vel ei veke må du ta ny kontakt med poliklinikken og be om å få prøvesvaret tilsendt.
Dersom MRSA ikkje blir påvist i prøva, vert du rekna som ikkje smitteførande.
Dersom MRSA blir påvist i prøva, vil du bli følgt opp av Infeksjonsmedisinsk poliklinikk. Behandlinga av deg vil ta sikte på å motarbeide bakterien og sørgje for at du kan erklærast smittefri. Du må derfor avleggje nye MRSA-prøver som må vere negative, før du vert rekna som ikkje smitteførande.
I studiesamanheng vil ei positiv prøve bety at du ikkje kan gå ut i praksis før du har gjennomgått behandling og er erklært smittefri.
Når du mottar brevet med resultatet, må du ta med deg brevet, uansett kva resultatet på prøva er, og ta kontakt med studieadministrativt tilsett med ansvar for praksisutplassering ved utdanninga di. Det er viktig å få avklart om du er erklært smittefri eller om resultatet vil få innverknad på studieprogresjonen din. Dersom det siste er tilfelle, vil du få hjelp til å planleggje det vidare utdanningsløpet slik at du taper minst mogleg i tid. Dette vert gjort i samarbeid mellom deg, årskoordinator ved utdanninga og studieadministrasjonen.




