Blinde flekkar
Har presseetikken blinde flekkar? Dei fleste klagesaker i PFU dreier seg om brot på regelverket i enkeltsaker. Er dette perspektivet for snevert? Kva slags utfordringar finst t.d. i møte mellom profesjonsetikk og presseetikk i saker om barnevern og barnehagar? Dette er spørsmål som blir tatt opp på eit dagsseminar her på Høgskolen 13. april.
Presseetikkens blinde flekkar.

Blir pressas samfunnsrolle neglisjert i det presseetiske arbeidet? Debatten rundt Se og Hørs arbeidsmetoder viser at det finst etiske utfordringar i bransjen som ikkje blir fanga opp av pressas eige etiske regime. Er pressas samfunnsrolle eit underbelyst tema når krav til god presseetikk vert drøfta?
Er det store sprik innan pressa når det gjeld oppfatningar av kva profesjonsetikken skal styre?
Professor Stig Arne Nohrstedt (Ørebro universitet) har undersøkt svensk presses syn på etikk. Han meiner journalistikken i dag har eit etisk problem. Dette er knytta til utfordringar i den daglege journalistiske verksemda, som sjedan blir definert som etiske utfordringar.
Nohrstedt kjem og innleier om ’Journalistikkens etiske problem.’
Liknande problemstillingar har i det siste blitt løfta fram i den norske etikkdebatten, m.a. av Paul Bjerke, som også vil delta på seminaret. Blant innleiarane er leiaren i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold og Ann-Margrit Austenå, leiar i Norsk Journalistlag.
Svein Brurås kommenterer føremiddagens seminar.
Profesjonsetikkens plass mellom barn og media.

Kva dilemma oppstår når omsorgsprofesjonar møter pressa?
Kva slag haldningar til media får barnevernpedagogen med seg frå utdanninga? Kvifor blir det kollisjonar mellom barnevernet og pressa?
Korleis dekker pressa barnehagefeltet? Kva er det journalisten ikkje spør om?
Kva er slike omsorgsprofesjonars samfunnsoppdrag i møte med pressa? Harald Grimen, professor i profesjonsetikk ved HiO tek opp dette spørsmålet i si innleiing. Høgskolelektor Helga Johannesdottir og Wenche Figenschow (Barnevernets utviklingssenter i Nord-Norge)drøftar utfordringar i barnevernets møte med pressa. Førsteamanuensis Margareth Sandvik deltek saman med ei gruppe studentar som har undersøkt kva pressa vil vite når dei kontaktar barnehagane .
Ann-Margritt Austenå kommenterer ettermiddagens seminar.
Seminaret blir arrangert med midlar frå KLOK-programmet ved HiO og av Avd. JBI. Materialet frå seminaret vil bli samla i ein HiO rapport og brukt i arbeid med forsking/FOU-arbeid innan feltet profesjonsetikk.
Seminaret er ope for alle interesserte. De kan melde dykk på heile seminaret, eller deler av det. Påmeldingsfrist: 26. mars. Se program og påmelding .





