|
|

|
Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) er Høgskulen i Volda sin kompetansemeklar. Saman med fagmiljøa tilbyr vi fleksible variantar av ordinære studium eller alternative kompetanseløysingar som er tilpassa oppdragsgjevar sine behov. |
KEV ønsker å tilby vekst og livslang læring til deg som vil utvikle deg vidare.
KEV sine tre spesialområde er:
- Etterutdanning
KEV tilbyr etterutdanning gjennom ulike kurstilbod. Med etterutdanning reknast dei utdanningstilboda som gir kompetanseauke og kursbevis, men likevel ikkje gir formell kompetanse ved studiepoeng. KEV har erfaring med å organisere kurs i ulike former: Nettbasert, desentralisert regionalt osb.
- Vidareutdanning
Vidareutdanning er studium som gir formell studiekompetanse. Høgskulen i Volda utvikler stadig nye tilbod til deg som vil bygge vidare på den utdanninga du har. KEV hjelper deg å finne fram det vidareutdanningstilbodet som passar best til deg, anten du er ute etter eit nettbasert deltidsstudium, med eller utan helgesamlingar eller vidareutdanningsstudium som er organisert på andre måtar.
- Konferansar
Etter kvart har KEV opparbeidd seg erfaring med å skipe lokale så vel som internasjonale konferansar og seminar. Vi tek på oss oppdrag både internt på Høgskulen i Volda og frå eksterne arbeidsgjevarar.
Les meir om oss på sida Om KEV
| Fagleg oppdatering i Naturfag: Naturfag med mål og meining |
-I slutten av November er vi i gang, seier Erik Fooladi, fagleg ansvarleg for Naturfag med mål og meining. -Då samlast om lag 130 lærarar frå Sjustjerna (eit interkommunalt samarbeid mellom sju kommuner på søre Sunnmøre) seg i Loen til første samling. -Vi er glade for god respons frå Søre Sunnmøre, og ser no at også kommunane i Nordre Sunnmøre Kompetanseregion kjem for fullt. Vi gler oss til å møte lærarane og presantere spanande vekstader og fagleg påfyll. [ Les meir ] - 01.11.2007
|
|
|
| Valla tek del på ytringsfridomsseminar i Volda |
Torsdag og fredag denne veka kjem mellom anna Gerd Liv Valla, sjefredaktør Anne Aasheim og Håvard Melnes til Høgskulen i Volda for å ta del i seminaret ”Ytringsfridom som alibi?” Politisk journalist i Klassekampen Alf Skjeseth vil ta føre seg ”Valla-saka” spesielt. [ Les meir ] - 31.10.2007
|
|
|
| FESTiVOLDA: Grieg-konsert i Kaarstad-huset |
Fyrstkomande fredag vil publikum få høyre tre av Edvard Grieg sine mest omtykte kammermusikalske verk i auditoriet i Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda. Ragnhild Engeset (song) og Bjørnar Myhr (klavér) vil framføre songsyklusen ”Haugtussa”, medan Øystein Salhus og Bjørnar Myhr vil spele den fyrste og tredje fiolinsonaten til Grieg. Konserten knytt til FESTiVOLDA-arrangementa
[ Les meir ] - 30.10.2007
|
|
|
|