|
29.9.2004 klokka 0300
Ein eller annan (student i dette tilfellet) ville slå på kjøleskapet og skrudde på knappen som synte seg å vere ei kokeplate. Vedkomande forlét romet.

Det gjekk som det måtte: dei tinga som stod oppå komfyren tok fyr og smelta. Det vart stor røyutvikling med røyk frå smeltande plast, og det la seg eit grått belegg overalt i lokalet. Brannalarmen gjekk og brannvesenet kom til med røykdykkarar og fekk stoppa brannutviklinga.
Det kunne gått mykje verre. Hadde det teke lengre tid å få stoppa utviklinga kunne gassen i romet antent og heile romet vore i full fyr. No kjem skaden til å koste eit par hundre tusen kroner, men ingen vart skada.
Moral og bodskap til alle tilsette: Vær forsiktige med kokeplater, vasskokarar og kaffetraktarar. Dei som har spesialrom må formane studentane om å vere forsiktige med kokeplater, vasskokarar og kaffetraktarar.
Tips om kokeplater som kan/bør fjernast eller koplast ut kan sendast Drift.
|