|
UTVIKLINGSSTUDIUM med Utvekslingsprogram for norske og afrikanske lærarstudentar Fredskorpsprosjekt m/fokus på Miljø og Samfunn, Skule og Utdanning

Studiet SRS105 Utveksling for Utvikling / Exchange for Development 30 stp er eit samarbeid med Fredskorpset / fk-norway
Kandidatar frå ulike lærarutdanningsmiljø ved høgskular/universitet kan søke om deltaking i utvekslingsprogram mellom Høgskulen i Volda som "North-Partner" og fire colleges som gir lærarutdanning i Malawi og Namibia som "South-Partners". Du må vere i alderen 18 til og med 25 år. "Nord-Sør"- kunnskap, internasjonal forståing," brubygging" mellom ulike kulturar og samfunn, ha fokus på skule og utdanning og FNs tusenårsmål + oppleve Afrika er sentrale stikkord i "utvekslingsstudiet" som primært tar sikte på å utdanne engasjerte samfunnsfaglærarar.
Søknadsfristen for å kome med i 2008-programmet er 1.oktober.
For meir informasjon, søknadsskjema etc kan du kontakte prosjektleiar Norleif Vik, nv@hivolda.no 97192496 eller førstelektor Odd Ragnar Hunnes orh@hivolda.no
Opplegget er slik:
Januar 2008: Førebuingsfase i Volda + ei veke v. Fredskorpset i Oslo
Februar- April 2008: Opphald i Namibia eller Malawi To studentar reiser saman til kvar av dei to partnarane i Namibia og fire til Chancellor College i Malawi. Å lære om samfunnet med vekt på skule og utdanning er sentralt. Det skal også samlast stoff til prosjektoppgåve som er ein del av studiet.
Mai-juni : Informasjon om opphaldet og oppgaveskriving.
Etter avsluttande samtale / muntleg eksamen før studiestart i august kan ein oppnå 30 studiepoeng samfunnsfag.
Utgifter til reise og opphald blir dekt av prosjektmidlar og stipend frå lånekassa.

|