Core-filer
Kan eg slette core-filer?
Mest sansynleg ja. Er du i tvil les nedanfor...
Kva blir core-filer brukt til?
Når eit program krasjer, hender det at det dumper heile minneområdet sitt til disk, i ei fil kalt core eller program@core. Desse filene kan bli svært store, spesielt sidan krasjen gjerne kjem som ein følge av at programmet heng seg opp og byrjer spise enorme mengder minne.
core-filer kan brukast til debugging av programmer, og kan for somme vere særs nyttige. For dei fleste er imidlertid core-filene lite nyttige filer som berre tek opp diskplass.
Drift har bestemt seg for å sette variabelen ulimit for core-filer til 0, dvs. at core-filer ikkje vert større enn 0 byte store.
Dei som har bruk for core-filene til debugformål og liknande kan sjølv sette ulimit ved å legge til ulimit -c n i fila .bashrc, der n er talet blokker du vil at core-filene maksimalt skal vere (maks 9999). Ei blokk er 512 eller 1024KB, så maksstorleiken på 9999 blokker burde halde for dei fleste. Det er dei aller færraste som har behov for core-filer, så om du er i tvil treng du sannsynlegvis ikkje desse filene i det heile teke.
| Languages: | Comments: | 0 | Aid: | 62 | User rating: |
|
|
| Last updated: | 2007-06-26 | Author: | krismika | Read: | 5626 times |