Konservativt opprør i Kyrkja

Teologar oppfordrar til boikott av homovennlege biskopar.


Sett journalen.hio.no som Hjemmeside

Se større bilde Foto: Kerry Moorhouse

Slepp dei homofile prestane inn i Kyrkja?

Fire teologar i Den norske kyrkja vil ikkje leiast av biskopar som godtek homofilt sambuande prestar. Dei oppfordrar statskyrkjemedlemmar over heile landet til å skriva under på eit opprop for å få ei leiing som kan «stadfesta kyrkja sin apostoliske karakter og vitneprov.»

Oppropet vart lansert onsdag morgon som ein reaksjon på at Kyrkjerådet har gått inn for å oppmoda Kyrkjemøtet å gå vekk frå vedtaka frå 1995 og 1997 om at homofile sambuarar i partnarskap ikkje skal ha vigsla stillingar i kyrkja.

Ynskjer ikkje å splitta kyrkja

Ein av teologane bak oppropet, sokneprest Dag Øivind Østereng, avviser at dei har til hensikt å splitta kyrkja. - Me ynskjer å samla Kyrkja på ein grunn, seier han.

- No er det toleranse for at alt er lov. I eitt bispedøme er homofilt samliv synd og galt, og ein kan ikkje få korkje stillingar eller velsigning. I eit anna bispedøme kan ein bli både prest, prost og biskop og få velsigning.

Også sokneprest i Meland i Hordaland, Sverre Langeland, er ein av pådrivarane for oppropet. Saman med Østereng høyrer han heime i Bjørgvin bispedøme, kor Ole D. Hagesæther er biskop. Han tilhøyrer den konservative fløya, som meiner at homofilt samliv er i strid med Bibelen.

Dei andre teologane bak oppropet er Knut Alfsvåg, førsteamanuensis ved Misjonshøgskolen i Stavanger, og Joachim Grün, teologisk vegleiar.

Frontane hardnar til

Utspillet viser at frontene hardner til før kyrkjemøtet i november i år.

– Me har ikkje tenkt å bryta fellesskapet med Hagesæther. Det me ber om, er noko som må gjelda heile kyrkja vår, seier sokneprest Dag Øivind Østereng til NTB.

Oppropet rettar seg altså ikkje til Kyrkja sitt øverste organ Kyrkjemøtet, som skal handsama homofilisaka i november, hevdar forfattarane.

Ikkje rom for ulike syn

– Me henvender oss til biskopane. Me ynskjer ein samtale med bispemøtet for å etablera moglegheit for ei alternativ leiing. Dei to syna i homofilisaka kan ikkje stå side om side i Kyrkja, sier Østereng.

Han erkjenner at det allereie er to ulike syn innanfor Kyrkja, men meiner det er eit langt steg derifrå til at Kyrkja offisielt skal godkjenna ordinering av homofile prestar.

– Det har vore ulydigheitshandlingar frå biskoper som har gjort som dei ville og ikkje brydd seg om avtalane som er inngått på Kyrkjemøtet. No vert det opna for at dette skal kunna skje med legitimitet, og dermed opnar ein for to syn i Kyrkja, sier Østereng.

Parallell til kvinnene

Østereng ser parallellar til måten ordningen med kvinnelege prestar vart innført på i Den norske kyrkja.

– Det var ikkje basert på ei felles kristen forståing, men på politisk press og frimodige handlinger frå enkeltpersonar. Dei som er samde med oss, men som er i tvil om kva de skal gjøre, må spør seg sjølv kva dei eigentleg er iferd med å forsaka. Det gamle kyrkjesynet vil døy ut dersom det ikkje vert verna rettsleg.

(NTB)


Publisert: 19.09.2007 - 15:16 Oppdatert: 19.09.2007 - 20:18


Sett journalen.hio.no som Hjemmeside


På forsiden nå:

Historiske dukker

Trofaste medlemmer

Mannssterkt

25 000 mot atomvåpen

Ærlig talt av Hagen

Makedonsk sjarmtroll

Onsdagslatteren

Fra jentenes verden

LO skal bli klimavennlig

Afterbirths sjarmoffensiv


Innenriks:

Skeptiske til ny superminister

Kan tjene millioner på vannproblemene

Kaffen er trygg

Ministerbytte i ekstraordinært statsråd

Skeptisk til superminister

Leter etter våpendesperado

Bykamp i årets tv-aksjon

Prioriterer fortsatt kokain

Ministerbytte i ekstraordinært statsråd

Helsetjenester hos SiO



J  

© 2004 - 2007 Avisen utgis av Høgskolen i Oslo, Avdeling JBI, tlf.: 22 45 26 00
Ansvarlige redaktør: Thore Roksvold. Redaktør: Anne Hege Simonsen.
Alt innhold er beskyttet i hht. lov om opphavsrett.
Publisering av musikk i Journalen skjer etter innhenting av tillatelse fra TONO/NCB.
Vi jobber etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.

Drevet av Escenic Content Engine