Klage over vedtak om omgjøring av stipend til lån etter likningskontrollen 2004
Klagesak 2006-50
I brev frå Lånekassen fekk klagaren melding om at kr 16 000 av utdanningsstipendet for våren 2004 var gjort om til lån på grunnlag av likningskontrollen for 2004. Klagaren blei likna for ei personinntekt på kr 336 925 ved skattelikninga for 2004.
Klagaren viste til at ho var student våren 2004 og at inntekt for 2004 kom frå arbeidet ho hadde etter at studiet var avslutta. Klager bad derfor om at stipendet ho fekk for våren 2004 ikkje blei gjort om til lån.
Klagenemndas avgjørelse:
Etter forskriftene kapittel III punkt 6.1 og 6.2 blir utdanningsstipend og forsørgjarstipend behovsprøvd mot søkars personinntekt og formue. Det er inntekt og formue, slik den kjem fram på skattelikninga for det året søkjaren har fått støtte, som blir lagt til grunn. For søkjar som mottek støtte for 7 månader eller mindre i eit kalenderår fører inntekt over kr 261 250 til frådrag i stipendet med 60 prosent av inntekt over grensa. Etter forskriftenes kapittel III punkt 6.3 blir frådraget regnet ut på etterskot når likninga er klar, og for mykje tildelt stipend blir gjort om til lån.
Skattelikninga for 2004 syner at klagaren hadde ei personinntekt per 31.12.04 på kr 336 925. Klagaren fekk av den grunn kr 16 000 av stipendet sitt for våren 2004 gjort om til lån. Sidan det er skattelikninga for det året stipendet er mottatt som blir lagt til grunn, kan det ikkje leggjast vekt på at inntekta er frå arbeid etter at studiet var avslutta.
.
Samrøystes vedtak:
Klagen vert ikkje teke til følgje.