Heile stipendet blir gitt som lån

Du får heile utdanningsstipendet utbetalt som lån. Du må bestå eksamen for å få stipend. Du får informasjon om støtta du er tildelt i vedtaksbrevet du får saman med utbetalingspapiret.

Utdanningsstipendet blir utbetalt som lån. Har du søkt om bare stipend vil det derfor stå at du er tildelt kr 0 i stipend, men det same beløpet er gitt som lån. Når eksamen er bestått, blir beløpet gjort om til stipend. Dersom du ikkje består nokre eksamenar, blir du ståande med heile beløpet som lån. 

Beløp i 2007-2008

For undervisningsåret 2007-2008 vil ein student som har søkt om fullt stipend og fullt lån til ei fulltidsutdanning få utbetalt kr 82 290 per undervisningsår. Heile beløpet blir gitt som lån. I beste fall vil 33 160 kroner av dette bli gjort om til stipend. For å få omgjering vert det krevd at studenten er flytta frå mor og far, at ho eller han består alle eksamenar og at inntekta og formuen er under fastsette grenser.

Ein student som bur heime får ikkje stipend, men ho eller han får det same beløpet som lån (kr 82 290 per undervisningsår). Søkjarar som forsørgjer barn eller som har lang heimreise, kan få større stipend. Har du ikkje fått tildelt forsørgjerstipend eller reisestipend? 

Inntekts- og formuesgrenser i 2007-2008

  Inntekt Trygd Formue einsleg/gift eller sambuande søkjar
2007 Kr 116 983 Kr 62 593 Kr 231 426 / Kr 444 553
2008 Kr 122 247 Kr 65 409 Kr 241 840/ Kr 464 558

Beløpa for inntekta og formuen din blir henta frå skattemyndighetene. Grensene for trygd og inntekt gjeld dersom du mottek støtte til eit undervisningsopplegg som varer i meir enn sju månader av året. Mottek du støtte i kortare tid, er grensene høgare. Kontroll av inntekt og formue skjer i ettertid, når skattelikninga er klar.

Det er Kunnskapsdepartementet som fastset forskrifter for stipend og lån i Lånekassen. Du finn forskriftene ved å klikke på lenka under "Forskrifter" øverst på sida.

Reglene over gjeld ikkje elevar i vanleg vidaregåande opplæring med ungdomsrett.