Har du fått brev om at lånet blir sagt opp?
Ligg rekninga di med betalingsfrist 15. august der ubetalt? Du har framleis moglegheit til å ordne opp og unngå at det blir sett i verk tvangsinnkrevjing gjennom Statens innkrevjingssentral.
Dersom du ikkje har betalt eller søkt om betalingsutsetjing, har du no fått eit varsel om at studiegjelda di er oppsagt. Oppseiing av lånet vil seie at heile gjelda har forfalle til betaling. Dersom du ikkje ordnar opp, vil det bli sett i verk tvangsinnkrevjing gjennom Statens innkrevjingssentral.
Søk om utsetjing dersom du ikkje har moglegheit til å betale
Eller har du kanskje pengar til å betale berre delar av summen? Søk om betalingsutsetjing, og gjer det snarast råd! Du treng ikkje å oppgje nokon grunn eller sende inn dokumentasjon. Ver klar over at ei betalingsutsetjing kostar pengar ettersom gjelda aukar og nedbetalingstida blir forlengt, men det er dyrare å la det gå til inkasso. Les meir om betalingsutsetjing.
Lånekassen kan slette renter
Er du sjuk, arbeidslaus, i utdanning, eller av andre grunnar har lite å betale med, kan du sleppe renter og få avdraget utsett. Les meir om rentefritak.
Slik søkjer du:
- Dersom du ønskjer å utsetje heile beløpet, kan du søkje via Internett . Søk om betalingsutsetjing via Dine sider.
- Hvis du skal søkje halv utsetjing og eventuelt rentefritak, kan du søkje via blankett I. Skriv ut søknadsblankett for utsetjing og rentefritak og send inn blanketten snarast mogeleg. Du kan og søkje via Dine sider om å få heile beløpet utsett, og så betale halve beløpet likevel.
Det er dyrt å få varsel om oppsigelse
Gebyret du må betale er på 490 kroner og når oppseiinga trår i kraft aukar renta med eitt prosentpoeng. Du må også betale omkostningane dersom lånet går til tvangsinnkrevjing.