Hopp til innhold
Hopp til lokal navigasjon
Hopp til global navigasjon
Hopp til kontakt info
NORGES TEKNISK-NATURVITENSKAPELIGE UNIVERSITET
Søk i NTNUs nettsider
Kunst, medier og kommunikasjon, bachelor - DANSEVITSKAP

Dansevitskap

Folkedansopptreden i Gata på Dragvoll.
Photo: NTNU Info/Erik Prytz Reitan
Dansevitskap vert eit eget bachelorprogram frå studieåret 2008/2009 (deltidsstudium). Meir informasjon kjem i byrjinga av februar.

Basisdelen av bachelorprogrammet i dansevitskap er studiet av dans i vid forstand. Målet med fagstudiet er å læra å analysera og tolka danseframføringar og danseformer, og arbeida med ulike typar dans i etnokoreologisk ramme med til dømes historisk, estetisk og pedagogisk tilnærming. Dette oversynet blir så utvida til å omfatta hovudgenrar innafor vestleg scenedans og med døme frå verdsdans. Du får kunnskap om dans i fortid og notid, både som form og som samfunnsfenomen.

Dans kan analyserast som rørsle og estetisk uttrykk, som tradisjon og musikktolking. I studiet lærer du å lese og skrive dans, å instruere, formidle og dokumentere dans. Kjernen i studiet er eit inngåande oversyn over den norske tradisjonsdansen og han blir sett inn i dei historiske, sosiale og kulturelle samanhengane han var og er del av.

Arbeid med reiskapsfag som danseanalyse, notasjon, feltarbeid og pedagogisk tilnærming står sentralt. Ei innføring i hovudmoment frå faghistorie, teoridanning og tolkingstradisjonar høyrer med.

For å vere kvalifisert søkjer må du kunne dokumentere at du er ein habil utøver av ei eller flere greiner av norsk folkedans eller folkeleg samværsdans.

Ta mastergrad?

Nordisk mastergrad i dans (No-MA-ds)
Kunstkritikk og kulturformidling

Tverrfaglege kulturstudiar

  • Studiar av teknologi og samfunn
  • Kultur- og kjønnsstudiar

Studieveiledning/ kontaktinformasjon

Se studieprogrammets studieveiledningsside.

NTNU, 7491 Trondheim, tlf. 73 59 50 00. Kontakt oss
Ansvarlig redaktør: Informasjonssjef Christian Fossen