Hopp til innhold
Hopp til lokal navigasjon
Hopp til global navigasjon
Hopp til kontakt info
NORGES TEKNISK-NATURVITENSKAPELIGE UNIVERSITET
Søk i NTNUs nettsider
Nordisk mastergrad i dans

Oppbygging

Masterprogrammet i dansevitskap inneheld fire obligatoriske felles emne: Danseanalyse tilbydd av NTNU (15 sp), Danseantropologi tilbydd av UTA (15 sp), Dansehistorie tilbydd av KU (15 sp) og Dans og kulturteori tilbydd av SU (15 sp). Masteravhandlinga er på 30 studiepoeng.

I tillegg sikrar kvar part eit tilbod på minst eitt valfritt emne på minimum 7,5 sp. Desse emna er først og fremst berekna på parten sine eigne studentar, men er opne for alle studentane. Dei er alle omtala i studieplanen til dei ulike universiteta, og automatisk godkjende inn i mastergraden.

NTNU tilbyr to valfrie emne FI2201 Fordjupingsemne i estetikk I (15 sp) eller FI2203 Fordjupingsemne i estetikk III (7,5 sp) eventuelt FI2204 Fordjupingsemne i estetikk IV (NTNU) og DANS3002 Individuelt prosjekt (7,5 sp). Studentane er fritekne frå Ekspertar i Team (7,5 sp), som blir tilbydd av NTNU. Det kan òg søkast om å få innpassa andre emne som valemne om dei er til nytte for masteravhandlinga.

All undervisning går føre seg på engelsk.

I tabellen nedanfor kan du sjå korleis masterprogrammet i dansevitskap er bygd opp. Tabellen lesast nedanfrå og opp, og såleis vert 1 H det same som første semester haust, 2 V tyder andre semester vår og så bortetter.

Master i dansevitskap

Semester

7,5 studiepoeng

7,5 studiepoeng

7,5 studiepoeng

7,5 studiepoeng

4 V

DANS3010 Masteravhandling i dans

3 H

(Studieelement nr. 306) Dansehistorie

Blir tilbydd av Københavns universitet

Valfritt emne *)

Valfritt emne *)

2 V

PN01 Dans og kulturteori

Blir tilbydd av Stockholms universitet

Valfritt emne *)

1 H

DANS 3003 Danseanalyse (NTNU)

Danseantropologi

Blir tilbydd av Universitetet i Tampere

*) Dei valfrie emna frå NTNU er
DANS3002 Individuelt prosjekt (7,5 sp)
FI2201 Fordjupingsemne i estetikk I (15 sp) eller
FI2203 Fordjupingsemne i estetikk III (7,5 sp) og eventuelt FI2204 Fordjupingsemne i estetikk IV (7,5 sp)

NTNU, 7491 Trondheim, tlf. 73 59 50 00. Kontakt oss
Ansvarlig redaktør: Informasjonssjef Christian Fossen