Menyoversikt Tilgjengelighet
NTNU
Startside Studier Student i Trondheim Etter- og videreutdanning Forskning Næringsliv og nyskaping Om NTNU Aktuelt

Ein av dei største turistattraksjonane på indre Nordmøre:
Svinviks arboret
Svinviks arboret er ein botanisk hage med hovudvekt på tre og busker. Anlegget er dominert av ca. 200 bartreslag og kring 450 artar og kultivarar av rododendron. På eigedommen finst også mange uvanlege og vakre lauvtre og busker og nokre blomsterbed.
Rhododendron 'Junifeuer'
Den raude Rhododendron 'Junifeuer' blomstrar seint
Foto: Egil Ingvar Aune

Anlegget var i utgangspunktet ein privat hage anlagt av ekteparet Anne og Halvor Svinvik. Arbeidet med arboretet starta i 1943, og var på 1960-talet ein av dei største samlingane av tre og busker som privatpersonar har klart å skape i Noreg. I 1971 donerte ekteparet Svinvik eigedommen med heile plantesamlinga til Vitskapsmuseet i Trondheim som no er ein del av NTNU (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet).

Staden fungerer som eit minnesmerke over det to privatpersonar med interesse, entusiasme og pågangsmot klarte å skape, og blir dessutan bruka til prøvedyrking av uvanlege planteslag for å sjå korleis dei klarer seg under dei klimatilhøva vi har i denne delen av landet.

Svinviks arboret er ope for publikum i sommarsesongen (frå midt i mai til sist i august), og er ein av dei største turistattraksjonane på indre Nordmøre.

Aktuelt
– Nytt frå Svinviks arboret

Prosjekt for vidareutvikling av arboretet
Stiftelsen Nordmøre museum, Surnadal kommune og Vitskapsmuseet har for perioden 01.10.06–30.09.09 inngått ein intensjonsavtale med mål om å vidareføre og vidareutvikle Svinviks arboret som ein regional ressurs.
Les mer om  Prosjekt for vidareutvikling ...

Program for sesongen 2007
– Opningstider og arrangement denne våren og sommaren
Programtilbodet for 2007 er no i hovudsak klart. Opningsperioden blir 12. mai – 31. august. I tillegg blir det "tjuvstart" utvalde dagar i april og "epledagar" i september. Nytt av året er også at det blir kveldsope på utvalde vår- og føresommarkveldar
Les mer om  Program for sesongen ...

Kontaktinformasjon Svinviks arboret

Postadresse:
Svinviks arboret
6640 Kvanne

Telefon: 71 66 35 80
974 33 709 (mobil prosjektleiar Dordi K. Mogstad)
Telefaks: 71 66 37 66
E-postadresse:
Svinviks.arboret@vm.ntnu.no