Menyoversikt Tilgjengelighet
NTNU
Startside Studier Student i Trondheim Etter- og videreutdanning Forskning Næringsliv og nyskaping Om NTNU Aktuelt

Kva kan du oppleve i Svinviks arboret?
Svinviks arboret er ein botanisk hage med hovudvekt på treaktige vekstar. I det opprinnelege arboretet som vart anlagt i dei bratte bergknausane ned mot Todalsfjorden er det hovudsakleg bartre og rododendron. På andre område på eigedommen er det i tillegg til bartre og rododendron også planta mange lauvtre og prydbusker.
Blomsterflor i Svinviks arboret

Det finst fleire bed med eit rikholdig utval av etter måten låge rododendronar og andre surjordsplanter. Ei nærare skildring av anlegget og dei plantene som veks her kan du finne under "Mer informasjon om Svinviks arboret ", som er utdrag av ei bok om Svinviks arboret skriven av Rolv Hjelmstad i 1998.

Mange av plantene i arboretet har skilt med opplysningar om vitskapleg og norsk namn, kor arten har si naturlege utbreiing, og når den aktuelle planta vart skaffa. Det blir arbeidd med å lage nye kart over plantingane. Dette vil gi grunnlag for betre skilt, plakatar og brosjyrar som vil gjere det lettare å finne fram i arboretet. Vi har også planar om å presentere desse karta på vevsidene våre.

Det er lagt opp til at besøkande kan gå på eiga hand i arboretet, men om det er behov blir det gitt ei omvising kvar dag kl. 1400 i høgsesongen. Grupper kan førehandsbestille omvisning. Sjå meir under "Opningstid, inngangspengar, omvising" i menyen til venstre.

Kontaktinformasjon Svinviks arboret

Postadresse:
Svinviks arboret
6640 Kvanne

Telefon: 71 66 35 80
974 33 709 (mobil prosjektleiar Dordi K. Mogstad)
Telefaks: 71 66 37 66
E-postadresse:
Svinviks.arboret@vm.ntnu.no