Hopp til innhold
Hopp til lokal navigasjon
Hopp til global navigasjon
Hopp til kontakt info
NORGES TEKNISK-NATURVITENSKAPELIGE UNIVERSITET
Søk i NTNUs nettsider

Forskarutdanning

PhD-studiet er ei forskarutdanning for personar som tek sikte på ein karriere innan høgare utdanning eller forsking. PhD-studiet er normert til 3 års fulltidsstudium og er sett saman av ein opplæringsdel og ein forskingsdel.

Det historisk-filosofiske fakultetet er vertsfakultet for fire PhD-program:

Du finn meir informasjon om PhD-programma ved å følgje lenkja til det aktuelle PhD-programmet. Menyen du då får på venstre side vil hjelpe deg vidare.

Det historisk-filosofiske fakultetet tildeler i tillegg gradane dr.art. og dr.philos.

Doctor artium
Det blir ikkje gitt opptak til dr.art.-program etter at PhD-programma vart innførte. Dei som allereie er tekne opp på eit dr.art.-program har framleis moglegheit til å fullføre. Det historisk-filosofiske fakultetet kan tildele dr.art.-graden ut studieåret 2007/2008. Avhandlingar som skal vurderast for denne graden må derfor vere leverte til fakultetet innan utgangen av 2007.

Dr.philos.
Dei som ikkje har opptak til den organiserte forskarutdanninga kan søkje om å leggje fram ei avhandling til vurdering for å oppnå graden dr.philos. Du må då levere avhandlinga og søknaden om å få arbeidet vurdert for doktorgraden til Det historisk-filosofiske fakultet. Viss du har eksamenar og gradar frå andre plassar enn NTNU, må du leggje ved stadfesta kopi av vitnemål som viser desse eksamenane og gradane.

Bøker
NTNU Info

Kontaktperson

Hanne Siri Sund
E-post: hanne.siri.sund@hf.ntnu.no
Telefon: 73 59 66 30

Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål om forskarutdanninga!

NTNU, 7491 Trondheim, tlf. 73 59 50 00. Kontakt oss
Ansvarlig redaktør: Informasjonssjef Christian Fossen