Norsk Ordbok skal dekkje ordforrådet i dei norske målføra og i nynorsk skriftmål, frå dei eldste kjeldene på 1600-talet og fram til dagens målbruk. Prosjektet skal vere ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Til saman skal det bli 12 bind med om lag 300 000 oppslagsord, og Norsk Ordbok blir dermed det største ordboksverket her i landet. Hovudredaksjonen sit i Oslo, men ei av redaksjonsgruppene har arbeidsstaden sin her ved INL. Trondheimsgruppa føler spesielt ansvar for å få god behandling av ord som hører heime nordafjells og tar gjerne imot opplysningar om ord og ordbruk.