Barne- og likestillingsdepartementet
Barne- og likestillingsdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

Mekling for foreldre

Foreldre med felles born under 16 år må møte til mekling før dei kan søkje om separasjon eller om skilsmisse på bakgrunn av faktisk separasjon. Også sambuande foreldre som skil lag må møte til mekling. Siktemålet med meklinga er at foreldra skal få hjelp til å lage avtalar om foreldreansvar, om kvar barnet skal bu fast, og om omfanget av samværet.

Foreldre som ønskjer å reise sak for retten om dei same spørsmåla, må også møte til mekling. Det gjeld uavhengig av om foreldra aldri har budd saman eller om dei har vore gifte eller sambuande. Ein meklingsattest varer i 6 månader.

Alle familievern‑ og familierådgivingskontor driv mekling. Fylkesmannen kan ved behov oppnemne andre meklarar, til dømes prestar, advokatar, psykologar eller fagpersonar tilsette på offentlege helse‑ og sosialkontor eller ved pedagogisk-psykologiske tenestekontor. Fylkesmannen kan gi opplysningar om kven som er meklarar i det aktuelle fylket.